Vestnytt / Sport / Sølvgutane frå Sotra

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Sølvgutane frå Sotra

Sølvgutane frå Sotra

Andreas Takvam (18) og Runar Torsvik Sannarnes (17) kjempa seg til VM-finalen i sandvolley. Sundag tapte dei mot Polen i ein jamnspela kamp. – Heilt sjukt, seier ein stolt Andreas Takvam. Han vart kåra til turneringens beste spelar.

Publisert 25.06.11 21:06
Endret 28.06.11 21:06

STRAUME/KROATIA: Andreas Takvam (18) og Runar Torsvik Sannarnes (17) har skapt sandvolleyball-historie med finalespel i junior-VM i Kroatia.
Dei tapte finalen mot Polen, og var sjølvsagt skuffa rett etter tapet. Men Andreas Takvam og Runar Torsvik Sannarnes skapte sandvolley-historie i Kroatia denne helga.
I tillegg vart Andreas Takvam kåra til beste spelar i turneringa.

– Heilt sjukt
Øyvind Takvam hadde fortsatt ikkje klart å fordøya VM-eventyret då Vestnytt snakka med han måndag føremiddag.
– Det er heilt sjukt. Det har ikkje gått opp for meg enno. Det var ikkje akkurat målet vårt å enda i finalen. Me satsa på topp ti-plassering, seier Takvam.
Kampen mellom Polen og Noreg var svært jamnspelt, og det var berre to poeng som skilte sotra-gutane frå gullplassering.
– Det var bittert rett etter kampen, men no er det berre ganske sjukt å tenka på, seier 18-åringen til Vestnytt.

Topp samarbeid
Sand-kameratane fekk til det meste under VM.
– Mykje stemte for oss. Det som stemte best var blokken og forsvar. Me henta mange poeng på det. Me har aldri spelt så bra som under VM, seier Takvam.
Takvam og Sannarnes har spelt saman i fem år.
– Me er ganske samspelte, seier Andreas.
Dei satser no vidare mot U-20 og U-23-spel. Men det store målet er seniornivået.
– Det er knalltøft på seniornivå. Der må me kjempa hardt for å hevda oss, seier ein audmjuk Andreas Takvam.

Sensasjonelt
Far til Andreas, Øyvind Takvam sin stoltheit voks gjennom heile turneringa.
– Dette er sensasjonelt. Den beste plasseringa Noreg har hatt i ei slik turnering er niandeplass.
Takvam og Sannarnes har kjempa seg gjennom puljespe, åttendedelsfinale, kvart og semi før dei møtte Polen i finalen.
Begge gutane går på idrettslina på Tertnes vidaregåande skule.

Endte 2-1
Kampen endte 2-1 til dei polske gutane Kaczmarek og Kosiak med siffra 17-21, 21-19, 15-13. Dei norske gutane vant førstesettet 21-17 etter at laga fulgte kvarandre fram til 16-16. I andresettet leia dei norske gutane, før polakkane henta inn forspranget og drog frå Takvam og Sannarnes.
I det siste settet leia det norske laget 2-0, og frå stillinga 6-6 og ut settet var det heilt jamt før polakkane vant settet 15-13.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477