Sol, sand og sølvplass
Sotra sin gutar 12 måtte bite i sanden for Bjørnar, men gler seg over sølvet i regionmeisterskapen i beach-handball.
Endret 15.06.10 08:06
BEACH-HANDBALL: – Sølv er greit, Bjørnar var best alt i alt, vedgår Iben Njøten.
Han storspelte for Sotra-laget i første halvdel av kampen, med ei rekkje fine mål. Målvakt Daniel Klepsvik sto godt i førsteomgang. Han hadde fleire fine redningar og bidrog til at Sotra vann omgangen 13-8.
Kampen snudde
Då laga kom ut på sanden att til andreomgangen, var biletet snudd heilt på hovudet. Sotra sine gutar fekk nesten ingenting til, verken framover eller bakover på bana. Bjørnar pøste på og vann omgangen 17-3.
– Eg veit ikkje heilt kva som skjedde. Kanskje tenkte me at kampen var avgjort allereie og slappa litt av, seier Iben.
Også for trenarane Steffen Hoff og Adrian Njøten er forvandlinga eit lite mysterium.
– Det kan vera at gutane blir litt sjølvgode av den sterke starten på kampen. Akkurat det same skjedde i semifinalen, fortel Adrian.
Då kom Sotra-gutane seg vidare på såkalla «solo mot mål». Viss laga vinn ein omgang kvar vert kampen avgjort med eit slags «flygande straffekast». Ein spelar mottek ballen frå eigen målvakt og går åleine mot motstandar sin målvakt for å skåra.
Nervepirrande
– Solo krev at ein har nervene under kontroll. Det greidde me ikkje heilt mot Bjørnar, seier Steffen.
Dei to trenarane spelar sjølv på juniorlaget til Sotra. Steffen Hoff og Adrian Njøten tykkjer det er artig å trena tolvåringane på gutelaget.
– Det er ei fin erfaring og det er kjekt å kunna læra handballen vidare, seier Adrian Njøten.
Dei to tenåringane er imponerte over kor samspelte tolvåringane har greid å bli, etter mindre enn eit år med trening.
– To eller tre av dei hadde spelt handball saman før, elles er alle ferske. Gutane er flinke og har alle moglegheiter til å bli verkeleg gode, meiner Steffen Hoff.
Reint Sotra-oppgjer
Flink er eit ord som passar godt også på gutane sine jamaldringar på jentesida. I klassen jenter 12 vart sluttspelfinalen eit reint Sotra-oppgjer mellom Sotra 1 og Sotra 2. Men det var slett ikkje noko klubbmeisterskap som fann stad i Straume Idrettspark. Regionmeisterskapen samla 119 påmeldte lag til 237 kampar over fire dagar.
– Det er mykje å halda styr på. I år har me heldigvis fått hjelp av Kjøkkelvik, som avvikla ein del kampar torsdag og fredag, seier sportsleg leiar Marianne Grasmo i Sotra SK.
Alle sluttspelkampar gjekk i Straume Idrettspark, men samarbeidet med Kjøkkelvik gjorde at ein fekk arrangementet unna på ei langhelg.
– Utan ville me fått meir arbeid over to helger, så dette samarbeidet er veldig bra, seier Grasmo.
Stor innsats
Ho rosar foreldre som stiller opp som vakter og arrangørar. Ein del av dei eldste spelarane er også med og arrangerer, innimellom kampane sine. Og kampane kan vera nokså forvirrande, om ein berre er vant til å sjå «vanleg» handball. Marianne Grasmo fortel at skilnadane er ganske store.
– To spelarar har vest på, målvakta og ein utespelar kalla ein «flyer». Målvakta kan bli med fram i angrep og får to poeng ved skåring. Det same gjer «flyeren». Straffe gjev to poeng og spektakulære skåringar det same, forklarer Grasmo.
Det er mykje taktikk i beach-handball, ikkje minst i samband med bytte av spelarar frå forsvar til angrep. I tillegg er spelet påverka av at det heile går føre seg utandørs, på sand.
– Ein skal helst ha bra ver. Me hadde fin sol torsdag, så vart det grått og regn fredag og laurdag. Heldigvis skein det opp att til finalane søndag, seier Marianne Grasmo.
Sotra gutar 12 kunne jubla for sølv.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





