Vestnytt / Sport / NM-kvalifisert med den råaste bilen

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
NM-kvalifisert med den råaste bilen

NM-kvalifisert med den råaste bilen

Alexander Tømmerstrand regjerte på Eikås motorsportsenter i helga. Han hadde den råaste olabilen og kvalifiserte seg med det til NM.
Publisert 20.06.07 15:06
Endret 20.06.07 15:06

Med stereoanlegg, brushaldar, speglar og vimpel var Alexander Tømmerstrand i ein klasse for seg i helga. Han var med i konkurransen på Eikås motorsportsenter for å prøve å kvalifisere seg til årets NM i olabil i august.

Pokalar og medaljar
– Han hadde berre øvelseskøyrd i ein time før løpet, men klarte likevel å kome på tredjeplass i konkurransen om å ha beste tid. Det beste var sjølvsagt at han fekk første plass i konkurransen om å ha den råaste bilen, seier ei stolt mor, Monica Tømmerstrand.

For desse prestasjonane fekk Alexander både pokalar og medalje, og ikkje minst ein stor, fjernstyrt bil som einkvar bilførar ville blitt misunneleg på.

Det er 26 stadar i landet som arrangerer kvalifiseringsrunde til NM i olabil. Totalt blir det 56 deltakarar i noregsmeisterskapen som blir arrangert i Bø i Telemark ti dagar før Alexander fyller åtte år.

Ser fram til finalen
Olabil er ein hobby som engasjerer både barn og vaksne. Bilen til Alexander, Lynvingen, er i hovusak bygd av sjåførens stefar.

– Vi såg berre tilfeldig ein plakat om dette, og så bestemte vi oss for å delta. Alexander likte det kjempegodt, fortel mamma Monica.

Arrangementet på Eikås motorsportsenter får mykje skryt av Monica, og no gler både ho og Lynvingensjåfør Alexander seg til den store NM-finalen i Sommarland i Bø. Finalistane får gratis inngang i Sommarland, og opphaldet blir også sponsa. Så spørs det då om Alexander når heilt til topps mot dei 25 råaste bilane frå resten av landet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477