Vestnytt / Sport / Kristoffer meister på heimebane

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Kristoffer meister på heimebane

Kristoffer meister på heimebane

Kristoffer Skjerping frå Sekkingstad vart noregsmeister i gateritt i Bergen.

 

Publisert 22.06.12 20:06
Endret 23.06.12 20:06

SYKLING: CK Sotra og Joker Merida-syklisten gjekk heilt til topps i NM-rittet. 19 år gamle Kristoffer Skjerping rykka frå resten av feltet og gjekk i mål i einsam majestet. Etter fleire rundar i den 1,3 kilometer lange traseen rundt Bryggen, sette Kristoffer inn støtet i Øvregaten.

– Gjennom rundane var feltet veldig fokusert på bakken opp til Fløibanestasjonen. Så eg tenke eg skulle overraska ved å rykka etter bakken, seier Kristoffer Skjerping til BA.

Overraskingsmomentet slo til og rykket gjekk heilt inn til mål på Bryggen. Der venta ein jublande folkemasse, mellom dei familie og vener frå CK Sotra.

– Det er heilt fantastisk å få til eit løp og ein siger som dette på heimebane. Eg har tenkt på dette NM-løpet i Bergen lenge. Det å realisera målet er det største eg har gjort på sykkel, seier Kristoffer Skjerping.

Skjerping fekk tida 1.07.55, og var to sekund framfor Sven Erik Bystrøm og tre sekund framfor Jon Einar Bergsland.

Dermed har Skjerping markert seg heilt i toppen i seniorklassen.

Delar av NM i sykling 2012 har gått av stabelen i Øygarden, men gaterittet vart halde i Bergen sentrum.

Tips en venn




Privatskule med god plass

Privatskule med god plass

Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.

    17. mai-feiring i gråvær og varme

    17. mai-feiring i gråvær og varme

    Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

      Populær p-plass treng utviding

      Populær p-plass treng utviding

      Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

        Generalprøve for Brudansen

        Generalprøve for Brudansen

        Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

          Sender ballen videre til Fylkesmannen

          Sender ballen videre til Fylkesmannen

          Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

            - Innbruddet ødelegger resten av ferien

            - Innbruddet ødelegger resten av ferien

            Mens pensjonistekteparet Solfrid og Ragnar Audun Sangolt ferierer i Tyrkia har innbruddstyver herjet i boligen på Sangolt.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10