Handplukka av Landro
Skyteentusiast Torbjørn Landro plukka ut seks karar. Målet var å gjera dei til skyttarar i løpet av nokre månader.
Endret 15.08.12 08:08
Den siste veka har dei seks vore oppe til eksamen. På Landsskyttarstemnet på Voss. Med litt vekslande hell.
Torbjørn Landro gjorde eit liknande stunt på Ulven i 2002, og tykte det var såpass interessant at han gjerne ville prøve på nytt ti år seinare.
– Rett skal vera rett: To av dei som var med på skyteskulen min i forkant av 2002-stemnet, Arne Landro og Kåre Bjorøy, var også med denne gongen. Men dei har ikkje skote i mellomtida, og var ikkje vanskeleg å katalogisera som ferskingar også denne våren, fortel læremeister Torbjørn Landro.
Gode resultat
Torbjørn Landro sjølv er ikkje fersk. Han deltar på sitt landsstemne nummer 30 på rad, og er alltid like entusiastisk på skytesporten og Sartor skyttarlag sine vegne.
– Det var ingen tvil om at her hadde eg ein stor jobb å gjera. Lars Erik Løvaas hadde til dømes ikkje sett inn i eit dioptersikte tidlegare. Men du verda kor kjekt det har vore, seier læremeister Landro.
Og skal vi tru resultatlistene i klasse 1, står det stor respekt av den jobben han har gjort. Mange av skyttarane hans plasserte seg høgt på listene. Arne Landro og Edgar Bjorøy skaut glimrande på bane, og noterte seg for høvesvis 243 og 241 poeng.
Sende SMS
Men den nyvunne skytedugleiken skapte også eit visst overmot hos nokon i gjengen.
– Ein – utan at vi skal nemne namn – ville visa kona kor god han var blitt, og lova å skyta ein einar på første prøveskotet. Det klarte han. Problemet var berre at etter to prøveskot kilte Saueren seg, og han fekk ikkje ut eit einaste konkurranseskot, fortel Landro, til muntre tilrop frå den vaksne elevflokken.
Og det stoppa ikkje der:
– Ein annan som skaut veldig bra på dei første 15 skota, var så nøgd med eigen innsats at han sende SMS til folka på utsida, og lurte på om dei fekk med seg det som skjedde. I staden for å skyte nye prøveskot. Og då gjekk det ikkje like bra på dei ti siste, røpar røynde Landro.
Rett i sanden
Ein i gjengen kan også smykka seg med å ha levert det raskaste skotet på felthurtigskytinga.
– Problemet var berre at det blei fyrt av på veg ned i posisjon, og gjekk sjølvsagt rett i sanden framfor han, smiler klasse 4-skyttaren som har bygd for mange hytter den siste tida, til at han sjølv klarar å hevda seg heilt i toppen i LS-samanheng.
Men så hadde han også andre og viktigare oppgåver å tenkje på under opphaldet på Voss.
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Generalprøve for Brudansen
Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.
Siste kortnytt
- Trafikkuhell ved Sartor [21.05.13 16:05]
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- CCB styrker posisjonen sin i Øygarden [22.04.13 08:04]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Giske smakte på ung skaperkraft [23.04.13 08:04]
- Sondre var rett regent på festninga [24.04.13 15:04]
- Privatskule med god plass [20.05.13 09:05]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]


