Vestnytt / Sport / Feberredning i VM

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Feberredning i VM

Feberredning i VM

Nora Neset Gjøen var sterkt medvirkande til at Noreg framleis heng med i U20-VM.

Publisert 24.08.12 13:08
Endret 24.08.12 13:08

FOTBALL: – Det var ein herleg siger, seier Nora Neset Gjøen.

Keepertalentet frå Sotra var med på å slå Canada 2-1 torsdag. Dermed har dei sjansen til å nå kvartfinalen i U20-VM i Japan. Men kampen byrja ikkje bra for Noreg sin del, og Canada gjekk opp i leiing eitt minutt før pause.

– Me fekk ikkje heilt den førsteomgangen me hadde håpa på. Det var jamt i sjansar og ballbesitting. Men me fekk eit mål i trynet rett før pause, og det var tungt. I pausen hadde me ein fin prat, såg kvarandre i augene og vart samde om betre kommunikasjon i andreomgangen, seier ho.

Søstersuksess
I andreomgangen var det søstrene Andrine og Ada Stolsmo Hegerberg som vart frontfigurar, med ei scoring kvar. Mot slutten varta Nora Neset Gjøen opp med ei feberredning og hindra scoring. Dermed vart det siger til Noreg.

– Me gjorde ei flott opphenting, og fortente absolutt denne sigeren. Eg vart kjempeglad då fløyta gjekk og kampen var over. Det var fantastisk å vinna, seier Gjøen.

Landslagstrenar Jarl Torske var blid etter snuoperasjonen mot Canada.

– Eg er veldig nøgd med måten jentene gjennomførte denne kampen på, det var strålande gjort av dei. Jentene viser kor mentalt sterke dei er, og at me har skikkeleg arbeidsmoral i laget. Dei ga jernet, og eg er imponert over måten dei står på i 90 minutt og ror dette i land, seier han.

Avgjer mot Argentina
U20-VM byrja dårleg for dei norske jentene. Dei tapte mot Nord-Korea i den første kampen i gruppespelet. Med alt anna enn siger mot Canada ville dei ha vore sjanselause på å gå vidare. Men med siger er dei med og kjempar om kvartfinaleplass. Måndag møter dei Argentina, som ser ut til å vera det svakaste laget i pulja. Med siger der samstundes som Nord-Korea slår Canada, er kvarfinaleplassen sikra. Vinn Canada over Nord-Korea, blir målforskjellen avgjerande. Men Nord-Korea er blant favorittane i meisterskapen.

– Me gler oss veldig til Argentina-kampen, seier Nora Neset Gjøen.

Tips en venn




17. mai-feiring i gråvær og varme

17. mai-feiring i gråvær og varme

Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

    Populær p-plass treng utviding

    Populær p-plass treng utviding

    Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

      Generalprøve for Brudansen

      Generalprøve for Brudansen

      Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          Mens pensjonistekteparet Solfrid og Ragnar Audun Sangolt ferierer i Tyrkia har innbruddstyver herjet i boligen på Sangolt.

            Driftsmodell på hengjande håret

            Driftsmodell på hengjande håret

            Opplegget for korleis drifta av Sotra Arena skal vera frå hausten av gjekk gjennom i komite for finans med knappast mogeleg margin.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10