Ein skarp familie
John Olav var ekstrem til å trena, fortel faren Malvin Ågotnes – som starta skyttartradisjonen i den treffsikre familien.
Endret 14.02.10 15:02
BILDØY: Slekta har hatt fire skyttarar i aksjon i årets Sartor Cup: Malvin (67), Magnus (15) og Ole Kristian (9) har slått følgje med skyttaresset John Olav Ågotnes. I kvar sin klasse siktar dei målretta mot blinken. Og treff oftast godt.
– Eg var ikkje på John Olav sitt nivå då eg var yngre. Det er først etter at eg vart gamal at eg byrja å skyta seriøst, fortel Malvin Ågotnes. Han omtalar sonen John Olav som ein langt sterkare skyttar. Og John Olav, som er tidlegare skyttarkonge, er den som så langt har nådd lengst i slekta. Kor han enn skyt, er han stort sett å finna langt oppe på resultatlistene.
– Eg skyt 6000-7000 skot i året, i tillegg til rundt 10.000 skot med miniatyr, fortel han.
Tre i finalen
Sonen Magnus følgjer tett i skytespora, han kan skilta med ein femteplass i landsskyttarstemnet. Yngstemann Ole Kristian har skote i eit år, og har vist seg fram under Sartor Cup på Bildøy. Laurdag var det finalerunde. Der var Ole Kristian for ung til å delta, men dei tre andre Ågotnesane var alle i finalane. Malvin fyrte av til gull i klasse V65 og Magnus kom på femteplass i si klasse. Så var det klart for John Olav i klasse 5.
– Det var ei spanande finale, seier John Olav etter å ha kome på tredjeplass.
Bomma på ståande
Birgit Rønningen frå Spjeld såg lenge ut til å ha gullet i lomma. Ho skaut klart betre enn John Olav Ågotnes og dei andre på liggjande. Også på sitjande gjekk det bra med Rønningen, som skyt for Åsane/Hordvik. Men på ståande gjekk det skeis, med spesielt eitt skot som på dette nivået nærast er å rekna for bom. Demed vart det siger til Arild Røyseth (Åsane/Hordvik) og eitt skots omskyting om sølvet mellom Rønningen og Ågotnes. Den kampen vann Rønningen med eitt tidels poeng.
Les meir i papiravisa tysdag
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





