Vil vedta mindre helikopterstøy
Endret 23.03.06 07:03
– Me vil gjennom politiske vedtak og lovverk pressa fram endringar som reduserer støyen for innbyggarane i regionen, seier Utkilen. Han meiner slik støy over tettbygde strøk aldri ville blitt godteke i Bergen. Viss ikkje støyen frå helikoptra vert mindre, meiner ordførarane at sentrale styresmakter må tvinga selskapa over på andre maskiner.
Langdrygt møte
Under folkemøtet på Liljevatnet skule brukte representantar frå Avinor, lufthamna på Flesland og helikopterselskapa nær to timar på å presentera seg. Forsamlinga på kring 100 frammøtte i salen vart meir og meir amper til meir dei fekk høyra om stiftingsår, aksjekapital og vekstprognosar. Då flygeleiar Per Elvebakk gjekk gjennom alle flygeruter for visuell flyging og flyging på instrument vart det nok for mange.
Folk ville vita kvifor dei stadig vekk har støyande helikopter tett over hustaka sine tidleg og seint, trass i at husa ikkje ligg under flygetraseane som vart oppgjevne. Til slutt måtte møteleiar og initiativtakar Albrigt Sangolt gripa inn og få tryggleikssjef Rune Johanson på Flesland til å legga fram dei ti tiltaka mot støy frå Sikorsky-maskinene. Ein ting var Johanson, resten av panelet og forsamlinga nemleg samd om. Årsaka til auka støyproblem må vera den nye maskina Sikorsky S-92.
Verre støyoppleving
– Me har fått stadig fleire klager på at helikoptra flyg meir enn før, men realiteten er at trafikken har gått ned dei siste åra, hevda Johanson.
Rett nok gjekk trafikken opp att frå 2004 til 2005, men berre med eit par flygingar for dagen.
– Då må det vera noko med helikotertypen som gjer at ein opplever det som om trafikken har auka. Forklaringa må vera S-92, meiner tryggleikssjefen.
Sjefflygar Arne Martin Gilberg hjå Norsk Helikopter forklarte at S-92 er fysisk større og tyngre og slik legg større last på rotoren. Blada må jobba hardare og støyar dermed meir.
– Lydbølgjene skapar vibrasjonar som gjer at husa på bakken ristar, sa Gilberg.
Ein humrande forsamling fekk også høyra at ei større maskin reint visuelt virkar nærare.
– Det ser ut som me flyg lågare, men det gjer me ikkje, hevda sjefflygaren.
Uakseptabelt for Haganes
No skal i alle fall helikoptra flyga høgare, men ordførarane er altså ikkje nøgd med berre dei lovde tiltaka.
– Me må gje tiltaka ein sjanse, men jobbar samstundes vidare med saka. Når me denne kvelden fekk høyra at det på Bjorøy er målt 70 desibel i eit hus under overflyging, må me berre tinga støymåling på bakkenivå så fort som råd, seier Jan Utkilen.
Han likar heller ikkje tiltaket som går på å gje område som Haganes meir av ulempa med flygingsrutene, slik at andre vert spart.
– Det er ikkje ei løysing me kan leva med, meiner Utkilen.
Les meir om saka i papir- eller PDF-avisa
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



