Sotra med storseier

Sotras fotballherrer var i storslag lørdag ettermiddag. Laget vant hele 7-0 hjemme mot Eid. Simen Birkelund scoret de fire første målene. Jørgen Greve, Ivar Valø og Kristoffer Snekkevik scoret også for vertene.

[19.05.12 18:05]

Promillekjørte på nasjonaldagen

Ein ung mann vart torsdag ettermiddag pågripen av politiet på Ågotnes. Han er mistenkt for å ha vore rusa då han kjørte bil.

[17.05.12 20:05]

Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Song Sande for stappfulle hus

«Det kveldar på Kobbeskjer» er så langt den største publikumssuksessen i Fjellkoret si historie.
Publisert 29.03.07 07:03
Endret 29.03.07 07:03
– Vi er heilt overvelda. Dette har vore den største suksessen Fjellkoret nokongong har hatt.
Det seier prosjektleiar Eirik Espedal i Fjellkoret.

Bortsett frå nokre få ledige stolar på premieren, har det vore stappfullt i Kulturhuset på Straume på samtlege seks førestillingar.

Koret fekk lov å ta inn 20 ekstra stolar på dei tre siste førestillingane no i helga, fordi ein merka pågangen. Siste kvelden var trengselen så stor at fleire enn ti personar måtte avvisast i døra.
Totalt har det vorte selt rundt 1.600 billettar. Økonomisk tyder det eit lite pluss.

Viktig med lokalt kulturliv

Eirik Espedal trur Jakob Sande og Fjellkoret kan dela æra for at det har gått så bra.
– Vi vart overraska over at denne førestillinga hadde ein slik enorm appell. Det seier mykje om Jakob Sande, og samstundes klarar vi å gjera det på ein god måte, seier han.

Han meiner førestillinga syner at Fjellkoret har eit svært trufast publikum.
– Eg reknar med at 90 prosent av dei som såg oss, kjem her frå distriktet. Vi er svært glade og takksame for at vi har eit slikt publikum, konstaterer han.

Espedal trur heller ikkje at alle dei som såg førestillinga, automatisk hadde reist på noko tilsvarande i Bergen.

– Dette syner kor viktig det er at vi kan laga slike førestillingar ute i distrikta. Det tyder også at fleire her kan ta del i det og ha glede av det.

For dei som ikkje fekk med seg førestillinga, er siste toget mest truleg godt. Då Fjellkoret sette opp Johannes Kleppevik kabaret for nokre år sidan, vart det fleire førestillingar enn planlagt.

– No har vi med profesjonelle musikarar som ikkje har tid til å vera med vidare. I tillegg er Kultursalen oppteken med andre ting. Dermed er det ikkje så lett, seier Espedal.
I tillegg vert det ikkje alltid det same å freista å setja ein suksess oppatt på nytt.

Dreg til Sverige

Han legg ikkje skjul på at ein slik suksess gjer at koret kan våga å satsa friskt fleire gonger. Men aller først skal koret planleggja ein Stockholm-tur i juni.
– No har koret teke seg ein velfortent og lang ferie til over påske. Akkurat no er vi slitne, men voldsomt glade, seier han.





Tips en venn




Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.

    Avgjorde på overtid

    Avgjorde på overtid

    Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.

        Askøy enda med motsegn

        Askøy enda med motsegn

        I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.

          Frontkollisjon på Dala

          Frontkollisjon på Dala

          To bilar frontkolliderte torsdag kveld på hovudvegen forbi Dala sør i Fjell kommune. Føraren av den eine bilen er mistenkt for promillekøyring.

            Vått men kjekt

            Vått men kjekt

            Nasjonaldagen var prega av regn, men unge og gamle lot ikkje det stoppa feiringa.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477