Sotra med storseier

Sotras fotballherrer var i storslag lørdag ettermiddag. Laget vant hele 7-0 hjemme mot Eid. Simen Birkelund scoret de fire første målene. Jørgen Greve, Ivar Valø og Kristoffer Snekkevik scoret også for vertene.

[19.05.12 18:05]

Promillekjørte på nasjonaldagen

Ein ung mann vart torsdag ettermiddag pågripen av politiet på Ågotnes. Han er mistenkt for å ha vore rusa då han kjørte bil.

[17.05.12 20:05]

Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Solosong som smeltar

Mellom glade jazztonar i Foldnes kyrkje laurdag kom plutseleg balladen som smelta forsamlinga: Alis Pfeiffers framføring av «Come Sunday».
Publisert 21.03.06 12:03
Endret 21.03.06 12:03
Fjellkorets samproduksjon med Rong brass og Lousiana Washboard Five vart framført for ei fullsatt Foldnes kyrkje laurdag. Søndag gjentok dei suksessen i Johanneskirken i Bergen. Mellom glade jazztonar stakk Alis Pfeiffers framføring av Duke Ellington-balladen «Come Sunday» seg fram. Sjølv var ho mest letta når premiera i Foldnes kyrkje var over.

Sydde saman på ein dag
- Dette var ein stor opptur, seier ein nøgd Alis Pfeiffer.
Saman med resten av Fjellkoret, møtte ho ikkje bandet Lousiana Washboard Five og Rong brass før tidleg laurdag.

- Me har sydd saman heile konserten i dag. Fram til no har me berre øvd kvar for oss, seier Pfeiffer.

Ho er nøgd med resultatet. Sjeldan har Foldnes kyrkje vore rysta av så glade New Orleans-inspirerte tonar som laurdag kveld. «The Gospeltrain», «Old Time Religion», «Joshua Fit the Battle of Jerico» og «Oh When the Saints».

- Det var mykje glad musikk heile vegen. Fullt køyr og veldig kjekt, oppsummerar Alis Pfeiffer som sjølv stod for kveldens rolegaste nummer med «Come Sunday».

Improvisasjon og sprell
Men typisk nok, jazzmusikarar er ikkje alltid til å stola på.

- Lousina Washboard Five gjorde ein del uvande ting. Litt improvisasjon og slikt som me ikkje hadde venta oss. Men det er berre artig, seier Pfeiffer.

Som i dei fleste blanda kor, er damene i fleirtal. Slik er det også i Fjellkoret, og då konserten nærma seg slutten var det berre damer som hadde sunge solo. Heilt til Erik Espedal tok av med dansing og synging.

- Eg måtte jo gjera avslutninga litt ekstra bra, gliser Espedal.
At han var den einaste mannen som song solo, kom han på rett før han skulle synga.

- Då måtte eg jo gi jernet og redda æra for menna i koret.

Imponert over koret
Dirigent for Fjellkoret og musikar i Lousiana Washboard Five, Steinar Sætre, tykkjer konserten var fantastisk.

- Koret var fantastisk, Rong brass var bra og alt stemte, seier Sætre.

Han er særleg imponert over kor mykje koret har fått til på kort tid.

- Det krev mykje å få ei slik kjensle med musikken som koret har gjort. Dei imponerer meg, seier Sætre.

På repertoaret i konserten stod flest opptempo jazzmelodiar og nokre rolegare songar.

- At me har så mange varierte vokalistar gjer at me taklar ulik type musikk. Det er ei styrke for koret, meiner Sætre.

Tips en venn




Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.

    Avgjorde på overtid

    Avgjorde på overtid

    Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.

        Askøy enda med motsegn

        Askøy enda med motsegn

        I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.

          Frontkollisjon på Dala

          Frontkollisjon på Dala

          To bilar frontkolliderte torsdag kveld på hovudvegen forbi Dala sør i Fjell kommune. Føraren av den eine bilen er mistenkt for promillekøyring.

            Vått men kjekt

            Vått men kjekt

            Nasjonaldagen var prega av regn, men unge og gamle lot ikkje det stoppa feiringa.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477