Ny bølgjekraftteknologi: Satsar på Toftestallen
Endret 12.08.06 08:08
Denne teknologien baserer seg på å ri bølgjene. Den nye installasjonen er ein kombinasjon av flytebøyer og installasjon på havbotnen, til skilnad frå dei havarerte landbaserte bølgjekraftverka i Toftestallen i Øygarden.
- Gjennom stipendmidlar har me fått råd til å byggje ein prototyp som me no skal teste ut over eit år, seier Ingvald Straume.
Først i verda
Straume er ungdomsskulelærar og har utvikla ideen og bølgjekraftteknologien saman med tre sivilingeniørar.
- Målet vårt er å verte det første selskapet i verda som etablerer bølgjekraft som ei kommersielt interessant energikjelde, proklamerer Straume.
For å få dette til, må dei dokumentere at det går an å utnytte bølgjekraftteknologi på lik line med vindkraft. Denne veka har Straume saman med familien vore i full sving på Geitanger for å setje ut den første prototypen av bølgjekraftverket, her skal det testast i eitt år.
Prøveår
- Når me plasserer det på Geitanger dette første året, er det fordi det her er lettare tilgjengeleg, me har betre tilsyn og kontroll, seier Straume som har familie med hytte på øya i Hjeltefjorden.
Å plassere bølgjekraftverket inne i Hjeltefjorden kan få einkvar til å stusse. Dei fire gründarane samanliknar det også sjølv med å plassere eit vindkraftanlegg i eit skogholt.
Likevel, Hjeltefjorden har gode bølgjeforhold når det bles frå nord. I løpet av året ønskjer dei å vise at anlegget toler møtet med sjøen, både i form av rust og kraft, i tillegg til å samle dokumentasjon og forske vidare. Det er først neste sommar teknologien skal prøvast ut i det opne havet, slik at ein kan utnytte bølgjene når dei kjem frå alle retningar.
Investorjakt
Sjølve testprøva for den nye bølgjekraftteknologien vert vinteren 2007. Då er tanken å setje anlegget ut i havet utanfor Toftestallen, utanfor ruinane av det tidlegare bølgjekrafteksperimentet.
- Valet av denne plassen er fordi det her er gode bølgjeforhold. Samstundes er det ei symbolsk side, ettersom det var her Kværner og Norwave mislukkast med sitt prosjekt, forklarar Straume.
Nettopp dei tidlegare mislukka bølgjekrafteventyra har gjort det vanskeleg for dei fire gründerane. Skal dei setje ut eit anlegg utanfor Toftestallen neste år, må dei ha investorar. Problemet er at dei tidlegare eksperimenta ikkje har vore lønnsame.
- Me er på investorjakt no. Klarer me å dokumentere at bølgjekraftteknologien vår fungerer same staden som dei andre mislukkast, viser me at teknologien held. På den måten håpar me at prosjektet vert meir interessant for større investorar, seier Ingvald Straume.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



