Sotra med storseier

Sotras fotballherrer var i storslag lørdag ettermiddag. Laget vant hele 7-0 hjemme mot Eid. Simen Birkelund scoret de fire første målene. Jørgen Greve, Ivar Valø og Kristoffer Snekkevik scoret også for vertene.

[19.05.12 18:05]

Promillekjørte på nasjonaldagen

Ein ung mann vart torsdag ettermiddag pågripen av politiet på Ågotnes. Han er mistenkt for å ha vore rusa då han kjørte bil.

[17.05.12 20:05]

Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Alt-slave for operaen

Linda Thommasen Fjell veit kvar ho skal vere 12. april neste år. Då syng ho i Oslo, Bjørvika, i det nye norske operahuset.
Publisert 23.01.07 07:01
Endret 23.01.07 07:01
Fjell gard: – Det er ikkje ofte eg planlegg så langt fram i tid. eg brukar å ta det meir spontant, flirer Linda Thommasen Fjell.
Ho har allereie booka seg inn på hotell i hovudstaden for fire dagar i april neste år. Ho fekk klar melding om at hotellrommet bør ordnast med det same.
Linda Thommasen Fjell skal nemleg vere stemma som representerer Fjell i Slavekoret i opningskvelden for operahuset.
Frå Fjell ønskte Slavekoret ei alt-stemme. Oppmodinga gjekk til Fjellkoret for å finne ei passande stemme, og det vart Linda Fjell. Ho har vore medlem i atten år i Fjellkoret, men fekk plassen på loddtrekning mellom dei som hadde lyst til å reise.
Slavekoret vert sett saman av ei stemme frå kvar kommune i heile landet, pluss profesjonelle operasongarar. Det er Bosch Rexroth, ein av leverandørane til hovudscena på Operaen, som har teke initiativet til Slavekoret, som ein av leverandørane som «slavar» for å få operaen ferdig i tide.
Koret skal leiast av Per Oddvar Hildre, som er dirigent for koret SKRUK, akkompagnert av Ytre Suløens Jazzensemble.
Om vel eit år skal Linda Fjell møte dei andre koristane frå vestlandet til seminarhelg og øving i Bergen. Deretter får dei ein cd til å øve seg kvar for seg heime, før dei møtest att til fellesøving for heile koret dei siste intense dagane før opningskvelden.
– Det vert spanande å vere med å synge i eit kor med så mange stemmer. Og i eit stort nasjonalt bygg som kun er bygd for musikk, seier Linda Fjell.
Ho vert ein av dei første til å opptre i landets nye musikksal. Kanskje med kongen på første rad. Kanskje på fest med fiffen etterpå.
Linda Fjell har tru på at operahuset også vil verte brukt til fleire meir moderne operaopsetningar. Sjølv har ho ikkje vore på opera før, ho har heller sett moderne musikalar. Både som publikum og som utøvar. Etter atten år i Fjellkoret er det ikkje få musikalar ho har vore med på.
– Det vert spanande å sjå profesjonelle utøvarar i sving. Særleg å jobbe med profesjonelle dirigentar.
Ho er nemleg sjølv i gang med dirigentutdanning. I første omgang gjennom Korforbundet. kanskje vil ho ta utdanninga vidare på høgskulenivå.
Før jul hadde Linda Fjell praksis i sitt heimlege Fjellkor.
Her fekk ho lære av dirigenten i Fjellkoret, Steinar Sætre, som til dagleg er tilsett i Griegakademiet. I to år har han dirigert Fjellkoret.
– Steinar Sætre kasta meg rett ut i det. I desember dirigerte eg halve julekonserten. Det var skummelt, men det gjekk, smiler alt-stemma.
Sjølv har ho ein draum om å starte sitt eige kor i Fjell.
– Eg kunne tenke meg å starte eit eige kor som var litt meir klassisk orientert enn det Fjellkoret er, innrømmer ho.
Ho trur det er ein del yngre folk som kan vere interessert i å synge klassisk. Koret treng ikkje vere så stort, synest ho. Sikkert og visst, vert koret ikkje like stort som Slavekoret i operahuset.

Tips en venn




Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.

    Avgjorde på overtid

    Avgjorde på overtid

    Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.

        Askøy enda med motsegn

        Askøy enda med motsegn

        I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.

          Frontkollisjon på Dala

          Frontkollisjon på Dala

          To bilar frontkolliderte torsdag kveld på hovudvegen forbi Dala sør i Fjell kommune. Føraren av den eine bilen er mistenkt for promillekøyring.

            Vått men kjekt

            Vått men kjekt

            Nasjonaldagen var prega av regn, men unge og gamle lot ikkje det stoppa feiringa.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477