Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Oppbevarte narkotika

Politiet fikk natt til fredag melding om støy og bråk fra en leilighet et sted i Fjell. Politipatruljen kjørte til stedet, og tok seg inn i leiligheten. – I leiligheten ble det funnet en mindre mengde med narkotika.

[10.05.13 15:05]

– Ei lettare og gladare avis

Du har kanskje merka at noko er annleis med avisa i dag? VestNytt har fått ny bladbunad.
Publisert 23.10.04 07:10
Endret 23.10.04 07:10
– Målet er å løysa opp litt, slik at VestNytt vert ei gladare avis som er meir luftig å sjå til, seier redaktør Elisabeth Netland.

Få fargar
Målet er å unngå tabloide verkemiddel og heller nytta få element til å få fram kvar einskild sak på reinare sider.

– Der me før mellom anna har nytta strekar for å skilje sakene frå kvarandre, vil luft no vera det berande elementet når sidene skal delast inn, seier redigerar Trine Syltøy.

Men det er ikkje berre utsjånaden som er endra frå og med i dag. Ein del typar stoff får ny plassering i avisa, andre typar stoff får ein ny vri.

Meir ver
Sistesida skal i større grad enn før vera lesarane si side. Du får vermelding og flo og fjøre for ei veke framover, med nye symbol i meldinga. Ei barneteikning, lokale kunstverk eller gode amatørfoto vil bera sida.

– Me oppmodar lesarane til å senda inn materiale, gjerne som e-post. Gode, gamaldagse brev vert også motteke med takk, men det vert vanskeleg å returnera alt som kjem inn, seier Netland.

Noko av det som vert meir fargerikt enn før er den gamle VestNytt-travaren Pondus. Han får plass på sistesida, i fargar. Avisa har dessutan så mange år på baken at me no kan starta spalta «VestNytt for 15 år sidan.»

Hmm
Leiar, kommentar- og debattstoff er eit anna område der avisa freistar nye grep. Leiarane tysdag og torsdag vert omlag som ein kjenner dei i dag. På laurdagar er plassen sett av til ein lengre, men lettare kommentar. Samstundes er debattstoffet flytta lengre bak i avisa.

– Dette må ikkje oppfattast som ei nedvurdering av debatten. Me trur lesarane ønskjer å få presentert aktuelle saker framme i avisa. Debattstoffet er meir til ettertanke og passar litt lengre bak, meiner redaktøren.

I laurdagskommentaren får journalistane høve til å filosofera fritt over ting som skjer lokalt og i verda elles.

Meir lesestoff
– Der leiaren gjerne vert ei tvangstrøye i form og innhald, skal kommentaren vera eit av elementa som løyser opp. Laurdagsavisene vert i det heile aviser med endå meir lesestoff og «småstoff» enn før, seier Elisabeth Netland.

Her vert petit og kryssord som før, me tek inn bilete frå farne tider og lesarane får testa om dei kjenner att vande gjenstandar frå ein uvand vinkel. Lesarane får matoppskrifter og «endeleg helg» er blitt til «Helg». Dette skal også i framtida vera ein magasinsak til glede, inspirasjon eller ettertanke.

Tid for endring
I tillegg til eit ønskje om å fornya utsjånaden er det teknologisk utvikling som ligg bak avgjerda om endra bladbunad. Forgjengaren Sotranytt var som lokalavis tidleg ute då dei i 1987 byrja ombrekking av avissider på skjerm, i programmet PageMaker. Dette verktyet har vore nytta sidan, med stadig oppdaterte versjonar.

– Den gong var dette heilt nytt, no er PageMaker som ei steinalderøks i denne samanhengen, seier Trine Syltøy.

No skal ho jobba i programmet InDesign. Syltøy ser fram til å få eit verkty som gjer kvardagen enklare på desken. Det gamle programmet kjem ikkje i nye versjonar, medan InDesign vil følgja utviklinga. Det er i det heile på høg tid med fornying.

– Me var nøgd med siste endring av bladbunad i 1997. Men tida har gått og det er tid for ny bladbunad. VestNytt har også starta tankeprosessen kring endring av logo, seier redaktør Elisabeth Netland.

Tips en venn




Privatskule med god plass

Privatskule med god plass

Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.

    17. mai-feiring i gråvær og varme

    17. mai-feiring i gråvær og varme

    Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

      Populær p-plass treng utviding

      Populær p-plass treng utviding

      Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

        Generalprøve for Brudansen

        Generalprøve for Brudansen

        Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

          Sender ballen videre til Fylkesmannen

          Sender ballen videre til Fylkesmannen

          Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

            - Innbruddet ødelegger resten av ferien

            - Innbruddet ødelegger resten av ferien

            Mens pensjonistekteparet Solfrid og Ragnar Audun Sangolt ferierer i Tyrkia har innbruddstyver herjet i boligen på Sangolt.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10