Sotra med storseier

Sotras fotballherrer var i storslag lørdag ettermiddag. Laget vant hele 7-0 hjemme mot Eid. Simen Birkelund scoret de fire første målene. Jørgen Greve, Ivar Valø og Kristoffer Snekkevik scoret også for vertene.

[19.05.12 18:05]

Promillekjørte på nasjonaldagen

Ein ung mann vart torsdag ettermiddag pågripen av politiet på Ågotnes. Han er mistenkt for å ha vore rusa då han kjørte bil.

[17.05.12 20:05]

Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Vinteren krev tyngre brøyteutstyr

Vinteren krev tyngre brøyteutstyr

Det er ikkje berre på Bjorøy at ein pick-up med brøyteskjer kjem til kort mot snømassane denne vinteren.

Publisert 02.03.10 10:03
Endret 02.03.10 10:03

SAMFERDSEL: Etter at Vestnytt 20. februar skreiv om smal veg, ubrøyta møteplassar og anleggstrafikk som skremmer skuleungane frå å bruka Eie-vegen på Bjorøy, skal det ha skjedd lite for å betra tilhøva på den kommunale vegen.

– Me har fire kommunale møteplassar på denne vegen. Etter snøfallet i forrige veke var ingen av dei brøyta ut. Tilhøva var verre enn noko gong, meiner Morten Bjorøy.

Greier ikkje jobben
Han er busett på Eie og meiner noko av forklaringa på problema i vinter ligg i utstyret som vert nytta til brøyting.

– Entreprenøren nyttar ein pick-up, ein firehjulsdriven bil med lasteplan og enkelt brøyteskjer. Det fungerer i ein normalvinter, men vert for lett med slike snømassar som me ser denne vinteren, meiner Morten Bjorøy.

Eigedomssjef Atle Justad i Fjell meiner Eie-vegen har vore følgd opp på linje med andre kommunale vegar. Snøfallet forrige veke gjorde det vanskeleg å få bort all snøen etterkvart som den lava ned i kommunale vegbaner.

– Me har meir å tenka på enn vegen til Eie. Der er mange kilometer med kommunal veg som skal brøytast. Så langt eg veit er der berre ein møteplass på denne vegen. Den skal vera brøyta ut, seier Justad.

Tyngre brøyteutstyr
På eitt punkt kan han likevel vera samd med Morten Bjorøy. Justad har også merka seg at utstyret entreprenørar nyttar til brøyting, ved mange høve vert for lett.

– Ein pick-up får ikkje bort snøen, men samlar den berre opp i ein brøytekant. Med slike mengder er ikkje det nok. Difor fekk me i forrige veke inn tyngre utstyr som kan samla og køyra bort snøen, seier Atle Justad.

Til dømes på Fjæreidevegen har kommunen fått inn entreprenør med tyngre materiell. Ein del stader vert snøen samla på lastebilar og køyrt på sjøen.

– Me har løyve frå Fylkesmannen til å dumpa snø ved kaiar på Møvik, Vindenes og i Straume Næringspark. Jobben er tidkrevande, men me er glad for at der er utstyr og mannskap tilgjengeleg til å gjera jobben, seier eigedomssjefen.

Vurderer kontrakter
– Er det aktuelt å snakka med Sartor Maskin om Eie-vegen, der firmaet står for lastebiltrafikken på vegen?

– Som eg før har sagt til Vestnytt, så har me ikkje heimel til å stansa eller styra denne trafikken. Men viss ikkje me har vore i kontakt med Sartor Maskin, skal eg sjølv ringa Kåre Bjorøy og høyra kva moglegheiter som finst på Eie-vegen, seier Atle Justad.

Eigedomssjefen må bruka tid og pengar ei god stund framover på å få brøyta vegar og rydda kommunale tak. Der er fleire kommunale vegar som framleis har trange tilhøve grunna snømassane. Justad har aldri vore med på liknande snømengder.

– Så omfattande snørydding kan eg ikkje hugsa. Me får tru det ikkje vert like ille neste vinter, seier Justad.

Når vinterens brøytejobb er over vil han likevel gå gjennom kontraktene med entreprenørane, for å sjå om ein treng krav som sikrar at dei har tyngre matriell tilgjengeleg til brøytejobben.

Tips en venn




Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.

    Avgjorde på overtid

    Avgjorde på overtid

    Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.

        Askøy enda med motsegn

        Askøy enda med motsegn

        I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.

          Frontkollisjon på Dala

          Frontkollisjon på Dala

          To bilar frontkolliderte torsdag kveld på hovudvegen forbi Dala sør i Fjell kommune. Føraren av den eine bilen er mistenkt for promillekøyring.

            Vått men kjekt

            Vått men kjekt

            Nasjonaldagen var prega av regn, men unge og gamle lot ikkje det stoppa feiringa.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477