Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sponheim snur på brua

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt ut det han kallar ei presisering til høyringsfråsegna om Sotrasambandet. Fylkesmannen skriv at han kan trekkja motsegna mot firefelts bru, dersom to av felta vert reservert for bybane.

[15.05.12 12:05]

På tabelltopp

Mandag vant Skjergard sin fjerde strake fotballkamp i 5. divisjon avdeling 1. Daniel Sørenes scoret begge målene i 2-1-seieren over Inter Bergen.
Nå leder laget fra Øygarden 5. divisjon avdeling 1.

[15.05.12 08:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Vil ikkje bidra på Toftestallen

Vil ikkje bidra på Toftestallen

Regjeringa avviser å hjelpa til med å fjerna bølgekraft-ruinane i Øygarden.

Publisert 13.01.12 08:01
Endret 13.01.12 08:01

Miljøminister Erik Solheim (SV) viser til at ruinane neppe er særleg forureinande anna enn reint visuelt, og vil difor ikkje bidra med statlege midlar til opprydding.

Det er stortingsrepresentant Arne Sortevik (Frp) som har prøvd å få regjeringa på bana for å fjerna dei øydelagte bølgjekraftverka på Toftestallen. Først svarte Solheim at kommunen kunne påleggja utbyggjar å ta seg av ruinane. Men selskapet Norwave, som står bak bølgjekraftverket som ruva mest i landskapet, er konkurs. Difor er det vanskeleg for Øygarden kommune å finna nokon å stilla ansvarleg. Sortevik spelar difor ballen tilbake til staten.

– Av di bølgjekraftverka var pionérprosjekt innan det viktige området fornybar energi, meiner eg at staten bør vurdera å bidra i oppryddinga, seier Frp-politikaren.

Difor sendte han eit nytt brev til Erik Solheim, der han ber om at staten hjelper til. Miljøministeren viser til at staten i enkelte tilfelle bidreg der grunn eller sjøbunn er forureina av miljøgifter, og der det ikkje er mogeleg å finna ein ansvarleg. På Toftestallen er det i liten grad miljøforgifting, men heller skjemmande forsøpling, som er problemet. «Det er difor ikkje grunnlag for eit initiativ frå mi side i denne saka» skriv Erik Solheim i svarbrevet.

Arne Sortevik reagerer på avslaget.

– Staten sit med så mykje pengar at dei burde ta seg råd til å hjelpa til, seier han.

Bølgjekraftruinane er lett synlege i området, og har stått til forfalls i nærare tre tiår. Erik Solheim viser til at Øygarden kommune kan rydda opp, om dei meiner det er naudsynt. Men som Vestnytt tidlegare har skrive, er politikarane i Øygarden ikkje veldig motiverte til å bruka pengar på opprydding på Toftestallen.al

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477