Vil ha tannlækjaren attende i Øygarden
Synnøve Hellesøy er lei av å køyra ungar til Ågotnes og tannlækjaren. No har ho sett i gang underskrifts-kampanje for saka.
Endret 29.01.10 15:01
HELLESØY: På den lokale butikken har folk skrive under på at ein vil ha attende tannlækjartilbodet i kommunen. Synnøve Hellesøy, som har sett i gang kampanjen, har ei von om at Øygarden ein dag skal få ein tannlækjar å gå til.
– Vil ikkje køyra så langt
I dag køyrer Synnøve Hellesøy til Ågotnes med borna når dei skal til den ålmente tannhelsetenesta.
– Alt ligg til rette for ein tannlækjar på Rong. Lokala står tomme og ventar på nokon, seier Synnøve som ikkje vil gje seg på at kommunen fortener å ha eit slikt tilbod.
– Eg må køyra sju kilometer fram og attende for å få borna mine til tannlækjaren. Det er ikkje godt nok, seier Hellesøy indignert.
Ho har sendt skriv til kommunen, men kommunen kan ikkje gjera så mykje med saka.
– Førebels kjempar eg åleine, men eg skal nok få med meg fleire, seier Hellesøy.
Ho har i tillegg starta opp ei Facebook-side der ho kjempar for same sak.
– Eg skal gjera mitt beste i ein månad, så får me sjå kor langt eg er komen, seier Synnnøve Hellesøy.
Ho tykkjer folk er tiltakslause, som ikkje engasjerer seg i slike saker.
– Det er ingen krise dette, men me treng ein tannlækjar i Øygarden, seier Synnøve Hellesøy.
Sørga for stø teneste
Overtannlækjar Torunn Gaarden for tannhelsedistrikt vest, er krystallklår på kvifor tenestetilbodet vart flytta frå Rong til Ågotnes.
– Alle skal ha eit tilbod om ålment tannhelseteneste, og det hadde ikkje innbyggarane i Øygarden når tenestetilbodet låg der, seier Gaarden til Vestnytt.
Den ålmente tannhelsetenesta vart flytta frå Rong til Ågotnes i juni i fjor. Sidan då har det ikkje vore problem for Øygards-folket å koma til.
– Dette er eit typisk distriktsproblem. Me fekk rett og slett ikkje folk til å vera i Øygarden. Min jobb er å skaffa bebuarane eit stabilt tilbod. Det får dei no på Ågotnes, seier overtannlækjaren.
Ho legg til at då tannlækjaren var på Rong, var det berre dei som budde i nærleiken som slapp å ty til bil.
– Alle andre måtte bruka bilen, og det eksisterer ordningar gjennom trygden som refunderer urimelege skyssutgifter i høve til tannhelselova, seier Gaarden.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





