Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sponheim snur på brua

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt ut det han kallar ei presisering til høyringsfråsegna om Sotrasambandet. Fylkesmannen skriv at han kan trekkja motsegna mot firefelts bru, dersom to av felta vert reservert for bybane.

[15.05.12 12:05]

På tabelltopp

Mandag vant Skjergard sin fjerde strake fotballkamp i 5. divisjon avdeling 1. Daniel Sørenes scoret begge målene i 2-1-seieren over Inter Bergen.
Nå leder laget fra Øygarden 5. divisjon avdeling 1.

[15.05.12 08:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Vil ha staten med på bølgekraftverk-fjerning

Vil ha staten med på bølgekraftverk-fjerning

Arne Sortevik (Frp) meiner at staten må ta ansvar for bølgekraftverk-ruinane i Øygarden.

Publisert 03.01.12 10:01
Endret 03.01.12 10:01

– Det bør absolutt ryddast opp der. Men så ser det ut til å vera uklart kven som skal ta ansvar for ei opprydding. Då bør staten ta ansvar, seier Sortevik.

Det vart sett opp to bølgekraftverk på Toftestallen i Øygarden på åttitalet. Dette var nybrottsarbeid, men det viste seg etter kvart at anlegga ikkje fungerte. Dei tålte ikkje sterkt skiftande verforhold, og vart etter kvart øydelagt og forlatt. No står ruinane att, og Sortevik kjempar for å få dei fjerna.

– Dårleg signal

– Det er skjemmande ruinar, og eit dårleg signal at dette skal liggja att som eit havarert prosjekt som ikkje vert rydda opp, seier stortingsrepresentanten frå Hordaland.

Sortevik sende i fjor haust brev til miljøminister Erik Solheim (SV) der han ba om informasjon om kva som kunne gjerast for å rydda opp på Toftestallen. Svaret frå Solheim var at kommunen kunne påleggja utbyggar å fjerna restane etter bølgjekraftverka. Men så enkelt var det ikkje; Mesteparten av ruinane stammar frå Norwave sitt anlegg, og dette selskapet er konkurs. Eit selskap som ikkje eksisterer kan ikkje påleggjast å rydda opp.

Purrar på Solheim

No tek Arne Sortevik saka opp att, og meiner at Erik Solheim bør engasjera seg for å få bukt med dei skjemmande bølgekraftverk-restane.

– Når eit slik pilotprosjekt går over ende, bør det vera eit offentleg og ikkje minst statleg ansvar å rydda opp. Det er ei viktig sak å finna nye, miljøvenlege energikjelder, og då er det eit dårleg signal at dette skal bli liggjande som eit havarert prosjekt.

Sortevik peikar på at staten er pådrivar både for nye energikjelder og miljøkrav.

– Då må staten ta eit hovudansvar for å rydda opp på Toftestallen, seier han.

Passive lokalt

Då Vestnytt sist skreiv om saka, var det lite politisk vilje i Øygarden til å ta grep for å få vekk ruinane.

– Det må og vera initiativ og engasjement frå lokale folkevalde. Men Øygarden kommune har eit poeng når dei viser til at selskapet bak bølgekraftverket har gått konkurs. I ein slik situasjon må staten sørga for påtrykk og eventuelt gå inn med midlar, seier Arne Sortevik.

Han viser til at Miljøminister Erik Solheim har peika på at det no vil bli knytta vilkår om opprydding til konsesjonar for mellom anna kraftproduksjon.

– Den gongen bølgjekraftverka i Øygarden kom, tenkte ein ikkje på at det kunne gå gale og bli liggjande brakk. Men no bør staten gå inn og sørga for at noko blir gjort, seier Sortevik.

Han har sendt brev til Solheim om saka. Brevet vart sendt like før jul, og svarfristen er normalt ei veke. Men miljøverndepartementet viser til at det er mange heilagdagar i jula. Svaret frå Solheim var undervegs då Vestnytt i går var i kontakt med miljøverndepartementet.

 

 Frustrert over ubåt-langdrag

– Eg er uroleg for at ein igjen kjem til å gå inn for tildekking, seier stortingsrepresentant Arne Sortevik (Frp).

Vraket etter den tyske ubåten «U864» ligg på havbotnen vest for Fedje, nordvest for Øygarden. Den inneheld opp mot 65 tonn kvikksølv, som kan få enorme konsekvensar for miljøet i havet og gje alvorlege helseskader for menneske. I 2009 avgjorde fiskeriminister Helga Pedersen at ubåten skulle hevast heller enn å tildekkast. Men no er ei ny utgreiing på gang, og Sortevik fryktar at det kan enda med at ubåten vert liggjande på botnen.

– Når regjeringa har sagt at den skal hevast, lurer eg på kvifor ein har med tildekking som alternativ i utgreiinga. Eg håpar verkeleg at avklaringa kjem snart, og at me unngår fleire omkampar, seier han.

Sortevik er kanskje den som har vore mest aktiv i kampen om å få opp ubåten. Saman med folket på Fedje og eit i stor grad samla politisk miljø i Hordaland har han kjempa mot tildekking. Frp-politikaren peikar på at ein har ei problemstilling som ikkje har vore mykje merksemd rundt.

– Den tredje delen av vraket, midtseksjonen, er ikkje funnen. Denne er truleg intakt, og det er grunn til å tru at ein stor del av kvikksølvet ligg i denne. Styrer ein mot tildekking utan å vita kor denne seksjonen er, får ein ei ufullstendig løysing. Her burde ein ha brukt tida parallelt med utgreiinga til å leita meir og prøva å finna midtseksjonen, seier han.

Enkelte historikarar har lenge kjent til ubåtvraket ved Fedje. Ubåten vart offentleg kjent då lokalavisa Strilen skreiv om den i 2003, og i 2006 var Stoltenberg-regjeringa innstilt på at ubåten burde tildekkast for å prøva å hindra at kvikksølvet lak ut i havet. Dette skapte store protestar blant folk som ser på dette som ei usikker løysing, og ei ny utgreiing konkluderte med at det var teknisk mogeleg å heva ubåten. Etter kvart konkluderte både dåverande fiskeriminister Helga Pedersen og etterfølgjaren Lisbeth-Berg Hansen med at ubåten skal opp. Men no ventar ein altså på endå ei utgreiing.

– Eg har kjensle av at Kystverket er på veg til å igjen tilrå tildekking, seier Arne Sortevik.

U864 vart senka av ein engelsk ubåt i februar 1945, og heile mannskapet på 73 omkom. Dette var den første gongen i historia at ein neddykka ubåt vart senka av ein annan neddykka ubåt. U864 var på veg frå Tyskland til Japan med krigsmateriale, mellom anna teikningar og prototypar av jetmotorar, og dessutan 65 tonn kvikksølv som skulle brukast til våpenproduksjon. Kvikksølv er svært helseskadeleg. Det var ei tid også frykta at ubåten hadde radioaktivt uran i lasta, men dette vert no rekna som svært lite truleg.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477