Verdas største vindturbin til Kollsnes
Enova har tildelt Sway AS 137 millionar kroner i støtte for å utvikle verdens største vindturbin. Den skal byggjast i Øygarden.
Endret 13.02.10 13:02
Dette er tidenes største Enova-tildeling til umoden teknologi. Støtta skal gå til bygginga av ein 10 MW vindturbin med en rotor på 145 meter i diameter i Øygarden.
– Dette er ein glad dag for Øygarden. Kommunestyret har handsama denne saka, og det har vore litt ulike meiningar som har gått meir på detaljar rundt vindmølla. Men vedtaket er at kommunestyret ønskjer den velkommen til Øygarden, seier ordførar Olav Martin Vik.
Milepæl
Turbinen byggjer på nye teknologiske løysingar og skal først testast ut på land dei neste to åra. Deretter er målet til Sway å ta denne teknologien til havs.
– Dette er ein milepæl i arbeidet med utviklinga av fremtidas vindkraftteknologi. Regjeringa legg til rette for demonstrasjon av nye teknologiar. Dette er ei langsiktig satsing som eg har gitt Enova eit særlig ansvar for. Enova har med dette gitt støtte til eit spennende prosjekt, som flere norske energiselskap, teknologileverandørar og forskningsmiljø står bak. Dette prosjektet legg til rette for å vidareutvikle teknologien for flytende offshore vind framover, seier olje og energiminister Terje Riis-Johansen i ei pressemelding.
I samarbeid med det norske teknologiselskapet Smartmotor AS, har Sway utvikla denne nye vindturbinen. Sway AS er eigd av blant andre Statoil, Lyse, Inocean og Eystein Borgen.
– Norge er langt framme når det gjeld utvikling av vind til havs. Eg håper og trur dette vil gi store moglegheiter for norsk næringsliv, seier olje og energiminister Terje Riis-Johansen.
Gigant
Vindturbinen vil bli verdas største med ein rotordiameter på 145 meter. Løysinga skal gi høgare energiproduksjon for offshore vindkraft og dermed lågare driftskostnader. Totalt har 35 til 40 ingeniørar jobba med utviklinga av konseptet som nå skal testast ut.
– Enova er opptatt av å løfte frem prosjekt som kan ta oss nærare målet om kommersiell produksjon av offshore vindkraft. Dette konkrete prosjektet ser vi på som svært spennande. Det representerer ei betydeleg oppskalering av dagens teknologi, der ulike norske fagmiljø har samarbeidd om å utvikle ein helt ny vindturbindesign, seier Nils Kristian Nakstad, administrerende direktør i Enova.
Støtta til prosjektet er gitt under Enovas støtteprogram Fornybar marin kraftproduksjon som vart lansert i februar 2009.
– Det finst mange smarte løysinger for å utnytte det fornybare energipotensialet langs kysten og til havs. Målet med programmet er å demonstrere og introdusere nye innovative energiløysinger til marknaden, sier Nils Kristian Nakstad.
I 2009 vart det under dette programmet gitt støtte til to tidevannsprosjekt.
– Støtta frå Enova kan bidra til å få norsk teknologi heilt i front på verdsbasis når det gjeld flytande og botnfaste vindturbinar offshore, seier ein svært glad Eystein Borgen, administrerande direktør og gründer i SWAY.
Han ser støtta som ein stor inspirasjon for alle som er involvert i prosjektet.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





