Ventar med gangbruer og busstopp
Vegen frå Arefjord til Storskaret blir så dyr at han må delast i to byggjetrinn. Gangbruer for kryssing av vegen og busshaldeplassar ser ut til å måtta venta.
Endret 22.05.12 10:05
AREFJORD: Prisen på den éin kilometer lange vegen som skal byggjast frå riksveg 555 i Arefjord til Storskaret og Straume næringspark, blei nyleg oppjustert frå 60 til 163 millionar kroner. Etter det har Statens vegvesen revidert dei nye planane og kome fram til ein kostnad på 135 millionar kroner. Det er likevel meir enn dei 110 millionar kronene som fylket har sett av til prosjektet. Dermed må noko ofrast om ikkje løyvingane blir auka.
Store krav til kryss
Vegvesenet føreslår ei trinnvis utbygging, der to busshaldeplassar, to gangbruer og deler av gang- og sykkelstien blir ofra i første byggjetrinn.
– Kostnaden for første byggjetrinn blir då 115 millionar kroner, skriv vegvesenet i framlegget til reguleringsplan.
Det er politikarane i Fjell som skal leggja planen ut på høyring, men så langt er dei ikkje komne enno.
Krysset der den nye vegen møter riksvegen i Arefjord, bidrar sterkt til at prosjektet blir så kostbart. Her er det som kjent stor trafikk og kø både morgon og ettermiddag. Ei middelmådig kryssløysing her vil kunna forverra denne situasjonen og skapa negative konsekvensar langt forbi sjølve krysspunktet.
Kun mot Bergen
Vegvesenet har vurdert ei løysing med rundkjøring på eitt plan, men det alternativet går dei ikkje inn for. På grunn av dei nemnte utfordringane på riksvegen går dei for eit planskilt kryss med såkalla gaffelløysing med av- og påkjøringsramper mot Bergen. Den nye vegen skal først og fremst ta trafikken som går mellom søre Straume og Bergen. Dermed blir krysset i Arefjord utforma slik at det ikkje blir mogleg å ta nyevegen frå Storskaret for deretter å kjøra vestover.
Sparar sentrum
I Storskaret, der det i dag er kryss ned til Straume idrettspark og næringspark, legg vegvesenet opp til ei rundkjøring på eitt plan, og det blir tilrettelagt for fotgjengarkryssing på alle fire armane inn mot rundkjøringa.
Fartsgrensa på den nye vegen er sett til 60 km/t, og forventa trafikk per døgn er på 12.000 kjøretøy i 2035. Ni prosent av denne trafikken er forventa å vera tungtrafikk.
Målet med å byggja denne vegen, er å spara Straume sentrum for trafikk til og frå søre Straume. Spesielt er det mykje trafikk til og frå næringsområdet som vil koma over på ny veg.
Prosjektet er prioritert i regional transplan med fem millionar kroner i 2013, 65 millionar i 2014 og 40 millionar i 2015.
Eigen sykkelsti
Langs vestsida av den nye vegen blir det bygd ein 2,5 meter brei sykkelsti og eit fortau som er 1,5 meter breidt. Dette er inkludert i første byggjetrinn.
– Vi har jobba for å få kostnadane ned, seier ordførar Eli Berland (H) i Fjell. Ho er godt nøgd med planen.
– Skyss ser ikkje for seg at det vil gå buss langs den nye vegen dei første åra, så det er greitt å venta med busshaldeplassane, meiner ho. Det går i dag ein sti på tvers av dalen som blir brukt av gåande som skal til og frå Straume. Før gangbruene kjem på plass, kan det bli så som så med trygg kryssing for dei som bur på austsida av den nye vegen.
– Det er eit minus, men kanskje vi kan få på plass nokre gangfelt, seier Berland. Ho satsar på at fjellpolitikarane får lagt planen ut på høyring før sommarferien, og at han kan bli endeleg vedteken til hausten.
Ba Erna om friare tøyler
Sotra vidaregåande skule vil ha meir praksis inn i dei teoretiske linene. Erna Solberg er lutter øyre.
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Siste kortnytt
- Trafikkuhell ved Sartor [21.05.13 16:05]
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- Generalprøve for Brudansen [16.05.13 15:05]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Privatskule med god plass [20.05.13 09:05]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Sondre var rett regent på festninga [24.04.13 15:04]
- Populær p-plass treng utviding [16.05.13 15:05]
- Lanserer Fjelltrimmen 2013 [30.04.13 09:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]



