Vegnettet i Fjell treng massiv opprusting
Det vil kosta fleire hundretals millionar kroner å gjennomføra alle sikringstiltaka som trengst for å trygga vegane i Fjell kommune.
Endret 30.08.12 10:08
Frå 1991 til 2010 blei det registrert 595 trafikkulukker i Fjell kommune. 26 personar mista livet i denne perioden, og 874 personar vart skadde. Når Fjell kommune utarbeider trafikksikringsplan, er visjonen «null ulukker».
På tysdag la komité for drift planen ut på høyring i seks veker.
Stort engasjement
Det er sjølvsagt ikkje berre dårlege vegar og manglande sikringstiltak som er årsaka til ulukker. Difor omhandlar også trafikksikringsplanen tema som haldningsskapande arbeid. Men når innbyggjarane i Fjell har sendt inn 200 forslag til planen, er det dei fysiske tiltaka folk er opptekne av.
– Sjølv om det ikkje finst midlar til å gjennomføra alle tiltaka, meiner Statens vegvesen at det er viktig å synleggjera behovet, seier Marit Selberg Sigurdson hos plan- og utbyggingssjefen i Fjell.
Enorm folkevekst
Fjell kommune har gått gjennom ein enorm folkevekst og vekst i talet på arbeidsplassar dei siste tiåra.
– Vi har eit vegsystem som ikkje er dimensjonert for 22.000 innbyggjarar, konstaterte eigedomssjef Atle Justad (bildet) då han gjekk gjennom restansane frå førre plan med politikarane tysdag kveld.
– Ikkje alt er gjennomført frå den planen, men vi har ei lang skryteliste også, understreka Justad.
I tiltakslista som blir presentert i Vestnytt i dag, er ikkje alle tiltaka som står att frå den gamle planen med.
– Dei tiltaka må synleggjerast også i den nye planen. Elles er eg redd dei kokar bort i kålen, understreka Gunnar Hannisdal (Ap). Dette er det politisk semje om at skal gjerast.
Bør spissa ønska sine
– Dei to farlegaste fylkesvegane vi har, er Arefjordvegen og vegen frå Bildøybakken til Liaskjæret, meiner Atle Justad.
Tiltak på fylkeskommunale vegar er det i utgangspunktet ikkje kommunen som skal finansiera. Difor meiner eigedomssjefen at det er klokt om politikarane spissar ønska sine og legg full tyngde der det trengst aller mest.
Fjell kommune set årleg av tre millionar kroner til trafikksikring. I tillegg finst det eigne postar i budsjettet til rehabilitering av vegar og til sikring av skulevegar. Ser vi på økonomiplanen for 2013, er det likevel sett av berre 7,5 millionar kroner totalt. Dermed seier det seg sjølv at det er begrensa kor mykje som i realiteten kan gjennomførast.
Har ikkje prioritert tiltaka
Planen og tiltakslista blir no lagt ut til høyring utan at politikarane har gjort sine prioriteringar. Tiltakslista som blir presentert, er forslaget frå arbeidsgruppa, men heller ikkje her er tiltaka i dei ulike gruppene prioritert innbyrdes. Det er difor tilfeldig kva som står øverst og nederst i A-gruppene (sjå liste).
Dersom ein har forslag til tiltak som bør gjerast og ikkje alt har kome med innspel til trafikksikringsplanen, er tida no inne for å skriva eit brev.
Det er kommunestyret som til sist skal vedta trafikksikringsplanen.
I papiravisa 30.august finn du oversikt over forslag til prioritering av strakstilstak på kommunale vegar i Fjell.
Danset på Rongesundbrua
– Det var skoleelever ved Øygarden ungdomskule som først kom på ideen om brodans på Rongesundbrua, sier elevrådsleder Julie Pettersen
Ba Erna om friare tøyler
Sotra vidaregåande skule vil ha meir praksis inn i dei teoretiske linene. Erna Solberg er lutter øyre.
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
Siste kortnytt
- Innbrudd i bolighus i Bildøybakken [24.05.13 15:05]
- Innbrudd i bolighus på Fjell [24.05.13 15:05]
- Trafikkuhell ved Sartor [21.05.13 16:05]
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- Generalprøve for Brudansen [16.05.13 15:05]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Privatskule med god plass [20.05.13 09:05]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Sondre var rett regent på festninga [24.04.13 15:04]
- Populær p-plass treng utviding [16.05.13 15:05]
- Lanserer Fjelltrimmen 2013 [30.04.13 09:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]



