Sotra med storseier

Sotras fotballherrer var i storslag lørdag ettermiddag. Laget vant hele 7-0 hjemme mot Eid. Simen Birkelund scoret de fire første målene. Jørgen Greve, Ivar Valø og Kristoffer Snekkevik scoret også for vertene.

[19.05.12 18:05]

Promillekjørte på nasjonaldagen

Ein ung mann vart torsdag ettermiddag pågripen av politiet på Ågotnes. Han er mistenkt for å ha vore rusa då han kjørte bil.

[17.05.12 20:05]

Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Uro for barna på Glesnes

Uro for barna på Glesnes

Beate Husa (KrF) meiner noko må gjerast umiddelbart med taket på Glesnes skule.

Publisert 25.11.08 10:11
Endret 25.11.08 10:11

GLESNES: KrF-politikaren har blitt kontakta av urolege foreldre på Glesnes. I Vestnytt 30. oktober sa Rune Samsonsen i driftsavdelinga til kommunen at lektene på taket til Glesnes skule er ròtne.

– I sterk vind kan dette medføra at skifer ramlar ned, skriv Beate Husa i ein interpellasjon til kommunestyret i dag.

Stiller spørsmål
Samsonsen viste også til eit tilfelle for nokre år sidan då skuleplassen blei stengt på grunn av sterk vind.

– Dette gir grunn til stor bekymring, meiner Beate Husa.

Ho vil difor ha svar på kva som er gjort for å kartleggja problemet. Ho ønskjer også ei oversikt over kor ofte stenging av skuleplassen har blitt diskutert dei siste åra.

– Kven vurderer vindforholda, og kva rutinar føreligg dersom ein meiner vinden er så sterk at det er farleg å ferdast på plassen? spør ho ordføraren.

Bekymra foreldre
Husa lurer vidare på om det er laga ein tidsplan for når taket kan utbetrast.

– Eg har blitt kontakta av bekymra foreldre. Vi kan ikkje ha ein situasjon der barna er i fare, avsluttar Beate Husa.

Same dagen som det blei halde synfaring på skuleplassen i samband med trafikksikringsprosjektet som er planlagt ved skulen, skreiv FAU-representant May Britt Hevrøy til ordføraren.

– Dette er ein svært alvorleg situasjon vi ikkje kan leva med, skriv ho om faren for at det ramlar ned takstein.

– Såvidt eg forstår på ungane har det også kome vatn inn i klasseromma, held ho fram.

Midlertidig sikring
Rune Samsonsen opplyser at det i slutten av sist veke blei sett opp eit gjerde om lag to meter utanfor veggen rundt heile skulen. Det er planlagt at eit firma kjem til skulen i dag for å montera eit sikringsbord på taket like ovanfor takrenna.

– Så dersom det løsnar stein som deretter sig nedover taket, vil han bli stoppa av dette bordet, seier Samsonsen.

Kommunen har dermed gjort det som kan gjerast av midlertidig sikring.

– Eg trur ikkje stein vil blåsa av taket, men ein kan jo aldri vita, meiner Samsonsen.

Har sett av pengar
Det er ikkje laga noko komplett tilstandsrapport, men folk frå driftsavdelinga har sjølv vore oppe og sett på taket.

– No ser det også ut til at det blir sett av pengar til prosjektet, seier Samsonsen.

I framlegget til investeringsbudsjett for neste år har formannskapet sett av 1,2 million kroner til å skifta taket på skulen.

– Det er førebels ikkje klart kva tid arbeidet kan byrja. Men dersom pengane blir løyvde, blir taket skifta til neste år, seier Rune Samsonsen.

Tips en venn




Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.

    Avgjorde på overtid

    Avgjorde på overtid

    Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.

        Askøy enda med motsegn

        Askøy enda med motsegn

        I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.

          Frontkollisjon på Dala

          Frontkollisjon på Dala

          To bilar frontkolliderte torsdag kveld på hovudvegen forbi Dala sør i Fjell kommune. Føraren av den eine bilen er mistenkt for promillekøyring.

            Vått men kjekt

            Vått men kjekt

            Nasjonaldagen var prega av regn, men unge og gamle lot ikkje det stoppa feiringa.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477