Treng større venterom
Venterommet til legane i Sund blei i si tid bygd for to legar. No er dei fem legar, og venterommet er i minste laget.
Endret 18.02.10 09:02
– Venterommet på legekontoret i Skogsskiftet er pittelite. Vaksne folk må sitja på barnestolar eller stå medan dei ventar på å koma inn til legen, seier Beate Husa (KrF).
Fleire måtte stå
På tysdag var Husa med dottera på legekontoret, der dei måtte venta i ein time før dei kom til.
– Venterommet var heilt fullt, og fleire måtte stå, seier Husa. Ho spurte legen og fekk til svar at dette ikkje var ein uvanleg situasjon.
– Dei har gitt kommunen beskjed om at dei treng meir plass. Dette er jo ikkje godt nok, meiner Husa.
Leiar av helseavdelinga, Svanhild Forland, har ingen problem med å vera einig i at avdelinga treng større venterom.
– Venteværelset blei i si tid bygd for to legar. No har vi fire faste legar pluss turnuslege her, forklarar Forland.
Kaotiske dagar
Eivind Fristad var ein av dei to legane som først fekk arbeidsplass på legekontoret då kommunehuset sto klart i 1987. På den tida var venterommet stort nok.
– Men no er det ofte kaotisk. Det er så fullt at folk sit på golvet. Andre står innover i gangen og ventar på å koma til på laboratoriet eller å få snakka med kontorpersonalet, forklarar Fristad. På travle dagar må han nærast brøyta seg veg når han skal henta pasientar på venterommet.
– Kor ofte er det slik?
– Det er nesten dagleg. Når vi enkelte dagar berre er to legar her, kan vi ha ein rolegare dag. Men oftast er det kaotisk, skildrar Fristad.
– Vi må også huska på at folk faktisk ofte er sjuke når dei kjem hit, påpeikar Forland.
Vanskeleg å utvida
Sjølv har ho kontor på helsestasjonen, på andre sida av kommunehuset. Også der er det trangt om plassen.
– Vi jobbar med saka og ser på ulike løysingar for å betra situasjonen. Men det er praktisk vanskeleg å gjera noko bygningsmessig for å utvida, seier Forland.
Begge meiner kontora til legane er store nok.
– Men i tillegg til at venterommet er for lite, har kontorpersonalet for lite plass, og laboratoriet er lite. Det fungerer ikkje på ein god måte i dag, seier Forland.
Drøymer om helsehus
Sidan det er vanskeleg å utvida, er det flytting av legekontoret som må til.
– Ja, det er målet, seier Forland. Både legekontoret og helsestasjonen må liggja i sentrum som det gjer i dag. Truleg må det byggjast nytt.
– Det blir snakka om eit helsehus med plass til blant anna treningssenter. Vi håpar det blir realisert, og at legesenter og helsestasjon får plass der, seier Forland.
Ho meiner det er ein strålande ide om det i eit slikt lokale også blir plass til funskjonar som privatpraktiserande fysioterapeut, ergo- og fysioterapiteneste, tannlege og apotek i eit slikt senter.
Leiter etter veteranbussar frå vår region
Rutebilhistorisk foreining Hordaland manglar bussar frå Fjell, Sund og Øygarden. No er dei på jakt etter vekkgøymde klenodium.
– Samanslåing på sikt
Region vest får no pengar frå staten til samarbeid, mellom anna innan barnevernet. – Ei viktig støtte til regionen, seier Olav Martin Vik.
Iguanen får nytt hjem
Iguanen som sist uke ble beslaglagt hos Johnny Midttveit på Klokkarvik, kan folk snart se i en dyrepark på Karmøy.
Prøvde å selga kai utan å eiga den
Terje Nordøy har havna i havnetrøbbel mot si eiga vilje. Øygarden kommune har lista kaia han er medeigar i, som offentleg. – Det morosame er at Øygarden og Sotra Rutelag forsøkte å selga kaien i 1986, ler Terje Nordøy.
Siste kortnytt
- Stjal stereoanlegg fra bil [30.07.10 10:07]
- Leter etter båteier [28.07.10 03:07]
- Ulovlig bruk av vannscootere [28.07.10 09:07]
- Nytt innbrudd i bolig [26.07.10 02:07]
- Nest-siger over Os [24.07.10 08:07]
- Brann var bål [26.07.10 08:07]
- Brøt seg inn i hus på Straume [23.07.10 10:07]
- Politihundene fant biltyv [22.07.10 10:07]
- Påkjørt i fotgjengerovergang [22.07.10 10:07]
- To vogntog i klem [19.07.10 11:07]
- Mann fra Øygarden omkom [19.07.10 11:07]
- Måtte avslutte langvarig fest [19.07.10 11:07]
- Fant kattunge i Kolltveittunnelen [13.07.10 01:07]
- Mistanke om promille etter ulykke [13.07.10 10:07]
- Tyv tok bensintank [09.07.10 02:07]
- Sjekkar promille etter kantring [09.07.10 02:07]
- Mistenkt for promillekøyring [09.07.10 01:07]
- Tatt dagen derpå [07.07.10 09:07]
- Innbrudd i hytte [02.07.10 02:07]
- Kjørte helt på jordet [02.07.10 02:07]
Mest lest
- Sei di meining om framtidas Straume [29.06.10 10:06]
- Vått på Hellesøy [17.07.10 02:07]
- Tok «sjufjellstur» på asfalt [13.07.10 08:07]
- Billettsystemet er på plass [02.07.10 01:07]
- På oppdrag frå kommunen [02.07.10 01:07]
- Fratatt førerkort etter kjedekollisjon [13.07.10 03:07]
- Stort steinalderfunn på Bjorøy [22.07.10 03:07]
- Dykkelykke på Tofterøy [07.07.10 09:07]
- Døscherholmen inn i ny tid [16.07.10 02:07]
- Fikk kulturpris for Nordsjøløypen [29.06.10 10:06]
- Dødsulukke på Sotra [26.06.10 07:06]
- Klargjør Hellesøy til folkefest [15.07.10 10:07]
- Sommeravslutning med seier [26.06.10 11:06]
- Prøvde å selga kai utan å eiga den [23.07.10 05:07]
- Nattlige golftyver tatt på fersken [16.07.10 02:07]
- Varmer opp for Jethro Tull [09.07.10 01:07]
- Konsesjon til Kollsnes-vindmølle [09.07.10 02:07]
- Bløffa om sakna kamerat [21.06.10 09:06]
- Vurderer lågare SFO-pris [17.06.10 10:06]
- Syng om livet på øyane [25.06.10 02:06]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 07:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 04:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 02:09]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 03:08]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]
- Sund gjekk på kjempesmell i retten [13.11.07 12:11]
- Kan verta slutt på klasseturar [26.03.09 08:03]





