Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Tok «sjufjellstur» på asfalt

Tok «sjufjellstur» på asfalt

Ein vennegjeng frå Øygarden likar seg betre på asfalt enn i fjellet. På laurdag gjekk dei frå Bergen til Rong.

Publisert 13.07.10 08:07
Endret 13.07.10 08:07

RONG: – Det var eit innfall vi fekk då årets Sjufjellstur blei arrangert i Bergen, fortel ein av initiativtakarane til turen, Renate Sæle. Ni personar frå Øygarden deltok på marsjen frå den blå steinen på Torgalmenningen i Bergen til Rong senter i Øygarden.

– Vi ville arrangera ein tur for oss som ikkje er så glade i å gå i fjellet, bli våte på beina og skremt av sauer, seier Renate.

Lengre enn eit maraton
Ifølgje gule sider er distansen på omtrent 41 kilometer, men det er langs motorveg og gjennom tunnelar. Det er vesentleg lengre å gå til fots.

– Den andre grunnen til at vi går, er at ein kamerat av oss, Espen Rong, blei utfordra til å gjera det same for ei tid tilbake. Han gjekk på 10,5 timar, og målet er å gå raskare enn han, sa Renate før turen.

Vestnytt møter fem av vandrarane like før dei skal starta på Bildøybakken og gå opp til Kolltveitskiftet. Dei har gått i fire timar, men ingen klagar så langt.

– Men vi begynner å kjenna det, vedgår Kine Oen.

– Du har ikkje vondt viss du ikkje vil ha vondt, seier Sarah i mistenkeleg militær tone.

Pengar til Kreftforeningen
Faren til Kine, Jostein Oen, er den eldste i følgjet.

– Men han har sprunge heile vegen, så han er sikkert snart framme, trur Renate. Like bak Jostein i løypa ligg May Therese Rong, og bak henne igjen går Linda og Thomas Oen.

Gjengen som ligg sist i løypa har nettopp tatt seg ein matbit på Straume.

– Nokon hadde niste med seg, andre gjekk på Mix. Men det blei baguette, ikkje burgar, forsikrar Renate.

Samtlege ser ut til å vera godt utstyrt til turen, med gode sko og sekk med drikke og proviant. For å gi turen eit visst poeng utover å slå tida til ein kompis, har vennegjengen alliert seg med Kreftforeningen.

– Vi har fått ein eigen KID som folk kan bruka om dei vil støtta Kreftforeningen gjennom denne turen. Og så har vi bøsse ved målområdet ved Rong senter, fortel Renate før vandrarane må vidare så dei ikkje stivnar totalt.

Berre éin måtte bryta
Etter endt tur er det klart at Jostein Oen fekk tida 4 timar og 42 minutt, med May Therese Rong like bak på 4 timar og 57 minutt.

– Christian, Åshild og eg kom inn sist, på 9,5 timar, fortel Kine. Renate måtte diverre bryta på grunn av eit kne som låste seg.

– Men alle som fullførte, gjekk raskare enn Espen Rong?

– Jau, men han gjekk fleire kilometer lengre, så det kan ikkje heilt samanliknast, vedgår Kine Oen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477