Tingretten bryt mållova
Nordhordland tingrett får påpakning av Språkrådet etter ein klage frå Harald Nordstrand i Sund.
Endret 06.02.10 12:02
BERGEN: Nordhordland tingrett skal bruka nynorsk i administrativ verksemd. Det slår Språkrådet fast etter ein klage frå Harald Nordstrand i Sund.
– Som meddommar i tingretten får eg skriftlege innkallingar. Eg har fleire gonger bede om å få innkalling på nynorsk, men dei gir blaffen i det, seier Nordstrand.
18 nynorskkommunar
Grunnen til at tingretten skal bruka nynorsk, er at tenestekrinsen til retten femnar om 18 nynorskkommunar og éin språknøytral kommune (Askøy).
– Eg er ingen nynorskhysterikar, men eg blir så provosert. Det er rart at ein skal måtta minna statlege organ om å følgja dei lover og reglar som gjeld. Når dei ikkje bryr seg, sjølv når ein påpeikar feilen, oppfattar eg det som sabotasje, seier Nordstrand.
Han synest å sjå den same trenden i andre statlege organ, som i politiet og forsvaret.
– Til slutt sende eg ein e-post til Språkrådet, seier Nordstrand.
Frist til 10. februar
Språkrådet er klageorgan under Kulturdepartementet i saker som er omfatta av mållova. Og Språkrådet er svært tydelege i sitt brev til tingretten.
– Når tingretten til dømes sender ut innkallingar til meddommarar, skal dei altså vera på nynorsk, skriv Språkrådet i brevet som er signert av direktør Sylfest Lomheim og rådgivar Daniel G. Ims.
Språkrådet ber om at tingretten går gjennom målbruksrutinane sine og følgjer mållova frametter. Tingretten får frist til 10. februar til å gi Språkrådet ei tilbakemelding om denne gjennomgangen.
Viktig for identiteten
Harald Nordstrand er nøgd med at Språkrådet er så tydelege overfor tingretten.
– Kvifor er det så viktig at statlege organ brukar nynorsk?
– Vi har hatt to jamstelte språk i Noreg sidan 1885. Nynorsk er viktig for identiteten til dei som har dialektar som ligg nære nynorsk, seier Nordstrand.
Han meiner både kulturen og dialektane våre i dag er under sterkt press.
– Dialektane våre er best tekne vare på med nynorsk, seier Harald Nordstrand.
Har ingen målbruksrutinar
– Vi må sørgja for at tingretten held seg innafor lova, seier sorenskrivar Håkon Rastum ved Nordhordland tingrett.
Håkon Rastum har berre vore sorenskrivar ved Nordhordland tingrett i éin månad. Etter å ha fått brev frå Språkrådet har han sjekka opp i om meddommarar blir kalla inn på nynorsk eller bokmål.
– Eg vil tru at det meste har gått ut på bokmål. Det har ikkje vore fokus på målform i tingretten, seier Rastum.
Kjem på nynorsk heretter
Han lovar å sørgja for at tingretten frå no av sender ut innkallingar på nynorsk.
– Då blir alle innkallingar av meddommarar på nynorsk. Dette er standardbrev som vi må ha enten på det eine eller andre språket, seier Rastum.
– Betyr det at de er samde med Språkrådet i at innkallingar er å rekna som administrativ verksemd?
– Det må vi gjera ei skikkeleg vurdering av, for her er det fine grensegangar. Men eg ser ingen grunn til at desse innkallingane ikkje skal gå ut på nynorsk, seier Rastum.
Gjeld det administrative
Ifølgje mållova skal eit regionalt statleg organ, som tingretten er, bruka den målforma som fleirtalet i tenestekrinsen brukar. Sidan tingretten femnar om 18 nynorskkommunar og éin språknøytral kommune, skal tingretten dermed bruka nynorsk. Men for domstolar gjeld mållova berre den administrative delen av verksemda.
– Det er ingen tvil om at innkallingar er administrativ versemd, meiner rådgivar Daniel G. Ims hos Språkrådet.
– Kva verksemd er det tingretten sjølv kan velja målform for?
– Unntaket for domstolar gjeld først og fremst rettslege avgjerder, som nedskriving av dommar og andre juridiske vedtak, seier Ims.
Skal laga rutinar
Ims viser til at Gulating lagmannsrett for få år sidan var gjennom ein liknande runde.
– Der slo Kulturdepartementet fast at brevskriving, tinglysing, kunngjering av proklama og liknande er administrativ verksemd, seier Ims.
Håkon Rastum opplyser at tingretten no vil ta ein skikkeleg gjennomgang og tolking av mållova.
– Vi må avklara den rettslege situasjonen i forhold til mållova. Deretter må vi laga målbruksrutinar som sikrar at vi held oss innafor lova, seier Rastum.
– Så de har ikkje slike rutinar?
– Nei, vi har ikkje det i dag, seier Håkon Rastum.
Leiter etter veteranbussar frå vår region
Rutebilhistorisk foreining Hordaland manglar bussar frå Fjell, Sund og Øygarden. No er dei på jakt etter vekkgøymde klenodium.
– Samanslåing på sikt
Region vest får no pengar frå staten til samarbeid, mellom anna innan barnevernet. – Ei viktig støtte til regionen, seier Olav Martin Vik.
Iguanen får nytt hjem
Iguanen som sist uke ble beslaglagt hos Johnny Midttveit på Klokkarvik, kan folk snart se i en dyrepark på Karmøy.
Prøvde å selga kai utan å eiga den
Terje Nordøy har havna i havnetrøbbel mot si eiga vilje. Øygarden kommune har lista kaia han er medeigar i, som offentleg. – Det morosame er at Øygarden og Sotra Rutelag forsøkte å selga kaien i 1986, ler Terje Nordøy.
Siste kortnytt
- Stjal stereoanlegg fra bil [30.07.10 10:07]
- Leter etter båteier [28.07.10 03:07]
- Ulovlig bruk av vannscootere [28.07.10 09:07]
- Nytt innbrudd i bolig [26.07.10 02:07]
- Nest-siger over Os [24.07.10 08:07]
- Brann var bål [26.07.10 08:07]
- Brøt seg inn i hus på Straume [23.07.10 10:07]
- Politihundene fant biltyv [22.07.10 10:07]
- Påkjørt i fotgjengerovergang [22.07.10 10:07]
- To vogntog i klem [19.07.10 11:07]
- Mann fra Øygarden omkom [19.07.10 11:07]
- Måtte avslutte langvarig fest [19.07.10 11:07]
- Fant kattunge i Kolltveittunnelen [13.07.10 01:07]
- Mistanke om promille etter ulykke [13.07.10 10:07]
- Tyv tok bensintank [09.07.10 02:07]
- Sjekkar promille etter kantring [09.07.10 02:07]
- Mistenkt for promillekøyring [09.07.10 01:07]
- Tatt dagen derpå [07.07.10 09:07]
- Innbrudd i hytte [02.07.10 02:07]
- Kjørte helt på jordet [02.07.10 02:07]
Mest lest
- Sei di meining om framtidas Straume [29.06.10 10:06]
- Vått på Hellesøy [17.07.10 02:07]
- Tok «sjufjellstur» på asfalt [13.07.10 08:07]
- Billettsystemet er på plass [02.07.10 01:07]
- På oppdrag frå kommunen [02.07.10 01:07]
- Fratatt førerkort etter kjedekollisjon [13.07.10 03:07]
- Stort steinalderfunn på Bjorøy [22.07.10 03:07]
- Dykkelykke på Tofterøy [07.07.10 09:07]
- Døscherholmen inn i ny tid [16.07.10 02:07]
- Fikk kulturpris for Nordsjøløypen [29.06.10 10:06]
- Dødsulukke på Sotra [26.06.10 07:06]
- Klargjør Hellesøy til folkefest [15.07.10 10:07]
- Sommeravslutning med seier [26.06.10 11:06]
- Prøvde å selga kai utan å eiga den [23.07.10 05:07]
- Nattlige golftyver tatt på fersken [16.07.10 02:07]
- Varmer opp for Jethro Tull [09.07.10 01:07]
- Konsesjon til Kollsnes-vindmølle [09.07.10 02:07]
- Bløffa om sakna kamerat [21.06.10 09:06]
- Vurderer lågare SFO-pris [17.06.10 10:06]
- Syng om livet på øyane [25.06.10 02:06]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 07:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 04:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 02:09]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 03:08]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]
- Sund gjekk på kjempesmell i retten [13.11.07 12:11]
- Kan verta slutt på klasseturar [26.03.09 08:03]





