Tidleg heim med jordmor
I Fjell skal nybakte foreldre få besøk av jordmor heime. Slik kan dei få god oppfølging også ved tidleg utskriving frå sjukehuset.
Endret 10.03.10 09:03
STRAUME: – Friske kvinner og born kan gjerne reisa tidleg heim frå fødeklinikken. Me ønskjer å ha eit opplegg der dei får oppfølging av jordmor heime, seier jordmor Hege Verpe Nordvik i Fjell kommune.
Politikarane i Fjell vedtok i går eit opplegg i Fjell der jordmødrene kjem heim til nybakte foreldre for mellom anna å ta Føllings prøve og sjekka babyen for gulsott og sjå til at det står bra til med både foreldre og born.
– Då slepp foreldra å ta turen inn att til sjukehuset få dagar etter fødselen, seier jordmora.
Kortare liggetid
Liggetida på fødeklinikkane vert stadig redusert. Noko av årsaka er at det er dyrt å ha mødre og born på sjukehus, og at friske born og foreldre ikkje treng å liggja der. Men i kommunane er det ikkje bygd opp noko apparat til å fanga opp dei nye verdsborgarane straks dei har sett dagens lys. Det ønskjer Hege Verpe Nordvik å gjera noko med. Planen er å innføra eit såkalla JordmorHeim-prosjekt i Fjell, der jordmødre på jul kjem heim til folk.
– Eitt av måla er at ein då vil ha same jordmødre å forholda seg til før og etter fødselen. I dag er det dessutan eit veldig gap i overføringa mellom sjukehus og helsesøster, med ei slik ordning vil ein tetta dette gapet. Me får eit system der me får kontakt med foreldre og baby med ein gong, seier ho.
Ta prøvar heime
Friske born og foreldre kan reisa heim frå fødeklinikken alt etter seks timar. Men då har ein ikkje fått tatt Føllings prøve og sjekka for gulsott. Dersom prosjektet i Fjell vert ein realitet, kan jordmødrene ta seg av dette på heimebesøk. Slike visittar kan også på eit tidleg stadium fanga opp eventuelle rusproblem eller psykiske problem.
– Det er god førebygging, seier Vidar Arnesen (Frp).
Han er leiar i komite for drift, som tysdag kveld vedtok å setja i gang med prøveprosjektet JordmorHeim i Fjell.
Arnesen legg og vekt på at ei slik ordning vil føra til mindre stress for foreldre og born, sidan dei slepp å ta turen til Haukeland for kontroll få dagar etter fødselen. Prosjektet inneber at ein tilset 1,2 ekstra jordmødre i kommunen, noko Frp-politikaren meiner er ein god idé.
300 fødslar
JordmorHeim-prosjektet får økonomisk støtte frå Fylkesmannen. Det er og venta at Helse Bergen er med på spleiselaget, og Fjell har og søkt helsedepartementet om støtte.
Prosjektet kan omfamna rundt 200 av dei 300 fødslane årleg i Fjell kommune. Ved fødslar av det meir problematiske slaget vil born og foreldre også i framtida bli liggjande lenger på sjukehus.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





