Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sponheim snur på brua

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt ut det han kallar ei presisering til høyringsfråsegna om Sotrasambandet. Fylkesmannen skriv at han kan trekkja motsegna mot firefelts bru, dersom to av felta vert reservert for bybane.

[15.05.12 12:05]

På tabelltopp

Mandag vant Skjergard sin fjerde strake fotballkamp i 5. divisjon avdeling 1. Daniel Sørenes scoret begge målene i 2-1-seieren over Inter Bergen.
Nå leder laget fra Øygarden 5. divisjon avdeling 1.

[15.05.12 08:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Tettar seg til heider

Tettar seg til heider

 Ein ny metode for å kontrollera trykket ved oljeboring kan gje Siem Wis ein innovasjonspris.

Publisert 05.05.11 09:05
Endret 05.05.11 09:05

– Med dette systemet vil ein kunna bora tryggare i lengre periodar utan stans, seier Gunnar Knutsen i Siem Wis på Straume.

Bedrifta har utvikla eit nytt system for å halda kontroll med trykket i boreslammet under boreoperasjonar. Det nyutvikla patentet har vorte testa på Gullfaks, med lovande resultat.

– Me har prøvekjørt innretninga med eit trykk på heile 207 bar, utan problem, fortel Knutsen.

Under oljeboring vil normalt trykket liggja på langt mindre.

Finalist

No merkar Siem Wis trykket også frå oljebransjen, med førespurnader frå heile verda om det nye patentet. Og her heime er dei nominert til DnB Nor sin innvoasjonspris, som ei av tre bedrifter i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

– Det er første gongen ei bedrift herfrå har vore nominert. Det er kjekt at Sotra får vist seg fram på denne måten, seier distriktsbanksjef Ellen Pamer.

Under oljeboring må ein ha trykk på boreslammet, mellom anna for å hindra utblåsingar og at brønnveggane kollapsar. Normalt brukar ein då ei innretning med ein pakning som roterer rundt med borestrengen. Ziem Wis sitt system har fire pakningar som ikkje roterer. Belastninga kan fordelast og justerast mellom dei fire pakningane, og alt blir nøye overvaka av sensorar.

– Dette gjev eit høgare tryggleiksnivå og meir forutsigbar drift, seier Jan Atle Andersen i Siem Wis, for tida på oljemessa i Houston.

Lokale leverandørar

Bedrifta har store forventningar knytt til det nye systemet. Siem Wis har 22 tilsette, og nær alt dei brukar av delar blir produsert lokalt. Til dømes blir gummipakningane laga hjå Bergen Plastics i Midtstegen i Sund. No kan Siem Wis bli den første Sotra-bedrifta som får DnB Nor-prisen. Regionfinalen for Vestlandet er 23. mai, så ventar eventuelt den nasjonale finalen. Siem Wis håpar at det og ventar kontraktar rundt omkring, etter det som har vore eit nitid og langvarig utviklingsarbeid.

– Me har brukt mykje tid og pengar på det, seier Per Espen Edvardsen i Siem Wis.

Systemet er utvikla for faste riggar, men ein skal og tilpassa det til flyteriggar.

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477