Telavåg snusar på privatskule
Frå Glesnes-bygda er det forlengst varsla at folket vurderer å starta privatskule i bygda. I Telavåg kalla to privatpersonar inn til folkemøte på onsdag.
Endret 29.06.12 15:06
TELAVÅG: – Vi ville lodda stemninga i bygda og høyra kva folk meinte om vedtaket, fortel Siri Anita Hagenes. Saman med Kine Baardsen kalla ho innbyggjarane i Telavåg inn til folkemøte onsdag kveld, i samband med at Sund kommune vil leggja ned fem av sju skular.
– Om lag 70 menneske møtte opp. Det kom folk også frå Pollen krins, og vi blei kontakta av fleire som støtta initiativet, men som ikkje hadde høve til å koma, seier Hagenes. Ho har sjølv ein son som skal opp i fjerdeklasse til hausten og to yngre barn som går i barnehage.
Å setja seg inn i lovverket og finna ut om det er mogleg å starta opp ein privatskule, er eit omfattande arbeid. Dei to mødrene ville difor vita om dei har støtte i bygda for å gå vidare.
– Konklusjonen er at det er stor interesse for å finna ut av desse spørsmåla. Vi har sett ned ei gruppe på fire-fem personar som skal jobba med det, opplyser Hagenes.
Ho har oppretta kontakt med blant andre May Britt Hevrøy på Glesnes.
– Vi vil gjerne samarbeida med dei på Glesnes, seier Hagenes.
Både Glesnes og Telavåg skular blir lagt ned om kommunestyret sitt vedtak blir ståande.
– Folk er utruleg skuffa. Hadde politikarane vedteke tre skular i staden for to, trur eg folk hadde akseptert det, seier Hagenes. Alternativet med tre skular innebar bygging av ny skule i Spildepollen for elevane på Glesnes, Telavåg og Pollen skular. No skal dei i staden går på Skogsvåg skule.
– Kvifor er de villige til å gå så langt?
– Elevane fortener ein skule i nærmiljøet sitt, meiner Siri Anita Hagenes.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Generalprøve for Brudansen
Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.
Sender ballen videre til Fylkesmannen
Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.
Siste kortnytt
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
- Tre innbrudd samme natt [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- Flyttar forsyning, styrkar subsea på Ågotnes [18.04.13 08:04]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- CCB styrker posisjonen sin i Øygarden [22.04.13 08:04]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Statoil vurderer å flytte fra Ågotnes til Mongstad [12.04.13 14:04]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Rektor er habil i skulesaka [21.04.13 11:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]


