Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Oppbevarte narkotika

Politiet fikk natt til fredag melding om støy og bråk fra en leilighet et sted i Fjell. Politipatruljen kjørte til stedet, og tok seg inn i leiligheten. – I leiligheten ble det funnet en mindre mengde med narkotika.

[10.05.13 15:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Tatovøren frå Sund

Tatovøren frå Sund

Ville du latt denne 20-åringen stikke nåler med blekk inn i kroppen din?

Eg gjorde det!

Publisert 07.06.12 10:06
Endret 07.06.12 10:06

– Du må ikkje verta dårleg, sant? May Elise Halvorsen (20) har opplevd store sterke menn med lakenkvite andlet etter at nåla har byrja skyta inn og ut av huden. – Slapp av, May, eg har nok feitt på kroppen til at nokre nålestikk ikkje gjer så vondt som for muskelmannen.

SENTRUM: May Elise Halvorsen er berre 20 år. Eg seier berre fordi ho slit litt med at folk vert skeptiske når dei får vita at ho faktisk er den som skal føre nåla over kroppen når kundane skal ha evigvarande blekkkunst.

– Hehe, ja, somme vert skeptiske, smiler 20-åringen frå Skogsvåg.

I lag med venninna Marianne Ljungberg har ho starta opp eige tatoveringssjappe midt i bydn.

 

Eg har utfordra May Elise til å tatovera meg på kroppen. Eg har gjort det før - mange gonger - men eg har alltid vore lojal mot mannen som har kroppsteikna meg sidan eg har 18 år.

Men talentet til May Elise og teiknekunnskapane hennar, gjer at eg vert freista til å prøva lukka i hennar nyopna tattoosjappe.

– Me brukte ganske lang tid på å koma hit me er i dag, seier Halvorsen og kikkar rundt i lokala.

Med ein fin liten resepsjon i første etasje ligg sjølve arbeidsverkstaden med blekk og nåler i kjellaren. Marilyn Monroe preger veggane.

– Kvifor Monroe?

– Me ville ha eit mjukt preg. Eg har inntrykk av at mange tattoosjapper er litt skumle. Dette ville me ikkje ha, seier 20-åringen frå Skogsvåg.

 

Ho har teikna ein versjon av mitt forslag. Eg har funne ein rosario eg vil ha. Men den nyoppstarta tatovøren er skeptisk til storleiken.

– Detaljane forsvinn om me skal laga det så lite, seier ho.

Det viktigaste med ei tatovering er at ein veit kva og kvifor ein vil ha akkurat det ein har valt på kroppen. Det eg har valt er ikkje optimalt, og me må finna løysingar.

Resultatet er eit digert kors på armen.

May Elise er nøgd. Ho får utfalda seg, og ho får gjera det ho trivst best med - svartkvite tatoveringar.

Den svarte stolen ser ut som ei blanding av ein tannlegestol og ein massasjestol. Den kan bøygast og leggast til på alle måtar og i alle retningar.

Medan May Elise klargjer teikninga, sit eg spent og ventar på den illsinte nåla som skal skyta inn og ut av huda mi.

– Du må seia i frå om du vert dårleg, sant? Mange gjer ikkje det. Dei tør ikkje, og så sit dei der plutselig kvite som laken, smiler May Elise.

 

Eg har sitei mange timar i ein tatovørstol, og eg veit kor smerteterskelen ligg i dette høvet.

– Eg har prøvd sjølv å ikkje eta før eg vart tatovert. Det gjekk ikkje særleg bra, seier ho.

Det er viktig å eta og drikka godt før ein skal setja seg i tatovørstolen.

Tattoo-studioet har fått det klingande namnet MaMa Tattoo.

– Er det fordi mor di har betalt for studioet?

– Hehe, nei, men det var akkurat det mor mi sa då me fortalte kva studioet skulle heita, smiler May Elise.

Nåla får armen min til å dirra. ho dreg den over eit bein som ligg nær overflata av hud. På somme stader kjennes det som om nokon står med eit spett og hakkar på kroppen. Men det er berre somme stader.

 

Sjølv har ho fleire tatoveringar på kroppen, men langt i frå så mange som er vanleg å sjå på tatovørar.

– Mange smiler og spør kvifor eg ikkje har mange sjølv. Eg er jo berre 20 år og har god tid, ler May Elise.

På foten har ho tatovert seg sjølv, heilt til ho ikkje klarte lenger.

– Eg måtte kasta inn handkledet. Det gjorde for vondt å gjera det sjølv, innrømer sund-sokningen.

 Eigentleg hadde ho tenkt å starta opp tattoostudio i Fjell, men fant ut at ho måtte vera litt nærmare staden der folk flest er.

– Eg er svært bevisst på kor eg kjem frå, men det vart naturleg å plassera studioet i byen, seier Halvorsen.

 

Ho gjekk på kurs i berre ein månad. Ho vart sjølv svært overraska då læremeisteren i Mo i Rana, Frank Andersen, sa ho ikkje trengte meir opplæring.

– Eg hadde rekna med å vera der mykje lengre, men han sa eg burde reisa heim att og starta opp sjølv, fortel May Elise.

Korset mitt byrjar å ta form. Huden er sår, og eg kjenner bitinga av nålene, men smerten er no gått over frå sint til summande.

Det var stefar hennar som fekk henne inn i tatovørbransjen. May Elise har alltid teikna - uansett kor ho har vore.

– Når eg sat på bussen, kunne eg sitja og teikne folk. Eg har alltid teikna, seier ho.

Men stefar hennar såg potensialet, og han ringte til Frank Andersen utan at May Elise visste det.

– Han sa at han kjente ei med stort potensiale og når han kunne ta i mot lærlingar, smiler Halvorsen.

Ho er svært takksam for at han gjorde det.

Frank Andersen sette henne i arbeid umiddelbart. Ho fekk setja sine første nåler med blekk i ein kropp som villig ville vera prøvekanin.

– Det gjekk overraskande bra. Det fell liksom naturleg for meg, smiler May Elise.

Ho kjenner seg litt aleine med nytt studio i Bergen.

– Eg håper at eg vert kjent med bransjen. Det hadde vore morosamt å vera i eit fagmiljø, seier ho.

 

Me vert samde om kva me skal ha rundt korset. Der er gått nokre timar, men ho har blitt avbrutt ofte fordi kunden ho har i stolen, er journalist med kamera, penn og papir.

– Dette vart svært fint, seier ho sjølv.

Eg er nøgd. Korset er flott. Strekane er beine, som om ein med 20 års røynsle skulle laga dei.

– Har du nokon gong sett ei stygg tatovering?

– Eg har jo det, men eg seier aldri det høgt. Eg uttalar meg aldri om andre sitt verk heller, utanom når det er noko positivt, seier den unge tatovøren.

Læringskurva har vore bratt for May Elise. Ho vart kasta ut i det då ho gjekk i lære, og etter at ho kom heim, har 20-åringen lært opp venninna si.

– Marianne er blitt svært flink, skryt Halvorsen.

Lokala er godkjent etter helsevesenet sine krav og alt ligg til rette for ei eventyrleg framtid for May Elise Halvorsen og hennar tatoveringsstudio.

 

Det er over for denne gongen. May Elise har stukke nåla i kroppen min for siste gong - i denne omgang. Me har diskutert, og me har prata undervegs. Eg har kome fram til at ho får stikke nåla i meg fleire gonger, om eg skulle få behovet att.

Så for dei som vert skeptiske når ein høyrer om alder og erfaring.

Ikkje vær redd. Denne sundsokningen veit kva ho gjer på.

Og det kan berre verta betre.

Tips en venn




17. mai-feiring i gråvær og varme

17. mai-feiring i gråvær og varme

Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

    Populær p-plass treng utviding

    Populær p-plass treng utviding

    Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

      Generalprøve for Brudansen

      Generalprøve for Brudansen

      Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          Mens pensjonistekteparet Solfrid og Ragnar Audun Sangolt ferierer i Tyrkia har innbruddstyver herjet i boligen på Sangolt.

            Driftsmodell på hengjande håret

            Driftsmodell på hengjande håret

            Opplegget for korleis drifta av Sotra Arena skal vera frå hausten av gjekk gjennom i komite for finans med knappast mogeleg margin.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10