Sund gjekk på kjempesmell i retten
Endret 13.11.07 12:11
– Vi må no ta stilling til om vi skal anka eller ikkje, seier ordførar Albrigt Sangolt. Då er det i tilfelle snakk om å prøva å få saka opp i Høgsterett.
Viss avgjerda frå lagmannsretten blir ståande, er kommunen og Austefjorden Smolt sett langt tilbake i ei sak som har versert i årevis i Sund kommune.
Dagleg leiar Bernt Kåre Sangolt i Austefjorden Smolt ønskjer ikkje å kommentera saka i Vestnytt.
Ville betala mindre
Spørsmålet om erstatning til grunneigarane som må vika plass for Austefjorden Smolt i Kvernavika, blei tatt opp i tingretten i fjor. Austefjorden Smolt meinte erstatningssummen der blei sett for høgt. Dermed kravde Sund kommune overskjønn på vegne av selskapet, og saka kom opp i lagmannsretten.
Dei saksøkte, Sverre Telle og Sameiget Kvernavika, hevda i retten at ekspropriasjonsvedtaket er ugyldig. Dette vann dei altså fram med, og Sund kommune må i tillegg betala saksomkostningane deira på nærare 245.000 kroner.
– Dette er ei dårleg sak både for kommunen og for partane, meiner Albrigt Sangolt.
Det er likevel ikkje kommunen som sit att med utgiftene i saka. Rekninga endar opp hos Austefjorden Smolt.
Trudde dei var bundne
Då kommunestyret vedtok å ekspropriera, sa Nina Glesnes (Ap) frå talarstolen at ho ikkje hadde anna val enn å stemma for.
– Har vi sagt A, må vi seia B, sa Glesnes. Slik ho forsto det, måtte kommunen ekspropriera når dei først hadde vedteke reguleringsplanen.
Slik er det ikkje, slår retten fast. Før politikarane vedtok å ekspropriera, skulle dei ha vurdert om «inngrepet tvillaust er til meir gagn enn skade», som det heiter i oreigningslova.
Nina Glesnes og Ap-gruppa var i utgangspunktet motstandarar av å ekspropriera, men stemte likevel for, fordi dei trudde dei var juridisk bundne av tidlegare vedtak. Dette meiner lagmannsretten er sakshandsamingsfeil, og vedtaket er kjent ugyldig.
Hadde Ap-gruppa stemt imot, ville det ikkje vore fleirtal for ekspropriasjon.
Prioriterer lita verksemd
Lagmannsretten meiner også det er tvil om at tiltaket i Kvernavika er til meir gagn enn til skade, utan at dei vil overprøva kommunen på dette. Når det offentlege eksproprierer, er det som oftast til fordel for offentlege prosjekt som barnehage, skule og vegutbygging, eller for større industriområde dei har ein strategisk plan for.
– Sund kommune har valt å prioritera interessene til ei lita privat verksemd. Det skjer på bekostning av anna privat utnytting og næringsverksemd i Kvernavika, heiter det i rettsavgjerda. Lagmannsretten kan ikkje sjå noko klar samfunnsinteresse eller interesseovervekt i favør av inngrepet.
Er lei av heile saka
Denne vurderinga er sundordføraren lite begeistra for.
– Eg blir veldig provosert. Den delen av saka handlar om eit skjønn som lokalpolitikarane skal gjera, og retten skal halda fingrane langt borte frå det, seier han.
Sangolt har ikkje bestemt seg for om han går inn for å anka saka. Partiet hans stemte for ekspropriasjon, og Sangolt meiner framleis det var rett.
Kommunen kan også velja å ta opp saka om ekspropriasjon på nytt med påfølgjande klagerundar og eventuell ny fastsetting av erstatning.
– Dette må diskuterast i formannskapet. Eg byrjar å bli lei av saka, vi kan ikkje halda det gåande i det uendelege, seier Albrigt Sangolt.
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



