Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sponheim snur på brua

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt ut det han kallar ei presisering til høyringsfråsegna om Sotrasambandet. Fylkesmannen skriv at han kan trekkja motsegna mot firefelts bru, dersom to av felta vert reservert for bybane.

[15.05.12 12:05]

På tabelltopp

Mandag vant Skjergard sin fjerde strake fotballkamp i 5. divisjon avdeling 1. Daniel Sørenes scoret begge målene i 2-1-seieren over Inter Bergen.
Nå leder laget fra Øygarden 5. divisjon avdeling 1.

[15.05.12 08:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Stor festival i lita bygd

Stor festival i lita bygd

Ove Forstrønen, som er eigar av Nautnes Fiskevær, gløymer han ikkje heimstaden Nautnes. Det var fiskeværet som saman med ungdomslaget Stølen arrangerte fiskefestival og torgdag på Nautnes denne helga.

Publisert 24.06.08 08:06
Endret 24.06.08 08:06


Det er fiskeværet som tar kostnadene med festivalen, medan inntektene går til ungdomslaget.
Vi må heilt tilbake til 1991 for sist fiskefestival på Nautnes.
– Men no skal det bli ein fin tradisjon, meiner Ove Forstrønen.
Han har drømt lenge om dette.
– Eg pleier å lufta hunden her om søndagane. Då luftar eg også tankane og planane mine med dei gamle på Nautnes, fortel han. Slik lufting blir det festival av. 60 personar hadde meldt seg på fiskekonkurransen. Vinnar av ein 50 tommars flatskjerm var Rune Svellingen som tok den største fisken.

Bysseguten på «Vestgar»
Hovudattraksjonen denne helga var «Vestgar», den gamle rutebåten. Der møter vi på mannen som var byssegut under jomfruturen til «Vestgar» i 1957. Denne båten gjekk i rute i Øygarden fram til 30. mai 1979.
– Vi henta båten i Kristiansand, minnast Einar Nordvik.
– Stuerten ombord var Johan Tjong, som bur rett her oppe, fortel han og peikar. Saman serverte dei kaffi og mat til reisande mellom Bergen og Øygarden.
– I Bergen smurte vi 12 langebrød med løkrull og anna pålegg. Alt ved Hjelteskjæret var vi utselt, smiler han.

Hadde tårer i augo
Einar Nordvik har med seg familien i dag for å kikka på den gamle arbeidsstaden hans.
– Stig ombord, seier dugnadsmann Tore Isager i Øygardsbåtane.
Det var i haust at restaureringsarbeidet på «Vestgar» starta opp. Dette er første gongen båten blir vist fram for folk på denne måten.
– Folk hadde tårer i augo då vi kom på torsdag, fortel dugnadsgjengen.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477