Snarleg start for miljønyskaping
I februar startar truleg arbeidet md eit banebrytande CO2-prosjekt på Kollsnes.
Endret 14.01.12 10:01
– Me ser for oss at me skal byrja å skyta ut tomta i byrjinga av februar. Den må vera klar og flat innan utgangen av april, for då byrjar ting å skje, seier Christian H. Theiste, dagleg leiar i Enpro.
Selskapet vil starta opp produksjon av natriumkarbonat på Kollsnes. Det spesielle med prosjektet er at dei hentar CO2 frå BKK sitt kraftvarmeanlegg, og brukar karbondioksidet som råvare i produksjonen.
Kuttar CO2-utslepp
– Målet er å redusera CO2-utsleppa med 95 prosent, gjennom at gassen blir bunde opp i sluttproduktet. Det finst ingen i dag som gjer det på denne måten, seier han.
Sluttproduktet blir natriumkarbonat, som er eit mykje brukt råstoff til mellom anna produksjon av glas og såpe. I tillegg vil Enpro laga natruimsulfat til mellom anna fargestoff og i vaskemiddel, og eventuelt kalsiumklorid som mellom anna kan brukast som vegsalt. Dessutan blir det flygeaske til overs, og denne kan seljast til mellom anna sementproduksjon.
– Me må halda fram med å produsera dei tinga verden treng, men me må gjera det meir miljøvenleg. Me har eit testanlegg i Abu Dhabi i Emiratane. Men anlegget i Øygarden blir det første som er meint til komersiell drift, og det er det første i verden med denne typen gjenbruk av CO2, seier Theiste.
Saltvatn og aske
I mai i fjor var Enpro i Øygarden og presenterte prosjektet for entusiastiske lokalpolitikarar. No byrjar altså prosessen med å få opp fabrikkanlegget. Går alt som det skal, kan Kollsnes då få eit nybrottsanlegg innan CO2-handtering. Men før dette er på plass, skal ein gjennom ei konsekvensutgreiing og i tillegg sikra seg dei naudsynte byggjeløyva frå Øygarden kommune.
Det er i hovudsak tre ulike råvarer som trengst i anlegget. Enpro hentar flygeaske som blir fanga opp av filter i kolkraftverk rundt om i Europa. Flygeaska blir så blanda med saltvatn som Enpro hentar frå sjøen. Blandar ein så dette saman med CO2, får ein natrimkarbonat (soda ash) og biproduktet kalsiumklorid. Det spesielle med løysinga til Enpro er at ein bind opp CO2 som elles ville ha gått rett ut i lufta.
Tek BKK sin eksosgass
CO2 skal Enpro henta frå BKK, som produserer kraft og varme basert på spillgass frå Gasnor sin LNG-fabrikk. CO2-utsleppet frå BKK sitt anlegg er på rundt 25.000 tonn i året, like mykje som 10.000 bilar. Enpro har som mål å fjerna 95 prosent av desse utsleppa.
– Me satsar på å få anlegget i drift i 2013, og skal tena pengar på det, seier Christian H. Theiste.
Enpro vurderte først å etablera seg på Kypros, men så dukka BKK opp.
– Det er kjekt å få det til i heimlandet vårt, seier han.
Varmen som trengst i prosessen, blir henta frå CO2-eksosgassen frå BKK, i tillegg treng fabrikken kring fire megawatt straum ved full drift.
– Me genererer ikkje noko CO2 sjølv, seier Theiste.
6000 kvadratmeter
Anlegget blir liggjande i nærleiken av BKK i Kollsnes næringspark, og får ein storleik på kring 100x60 meter. I forslag til konsekvensutgreiing for anlegget legg Enpro vekt på at miljøkonsekvensane lokalt blir små. Hovudutsleppet blir vatn som er varmare og betydeleg saltare enn vatnet dei tek inn. Men sjølv om det ved full drift vil gå 200 tonn vatn i timen ut av anlegget, meiner Enpro at dette ikkje vil medføra konsekvensar av betydning. Christian H. Theiste føler seg trygg på at det er eit prosjekt som er positivt for miljøet. Han er og trygg på at pionéranlegget kjem på plass og blir sett i drift.
– Me har veldig god kontroll på det teknologiske. Det står litt att på finansieringa, fortel den daglege leiaren.
Døgndrift
Innovasjon Norge er mellom dei som truleg blir økonomisk bidragsytar. Og mykje tyder på at Enpro si CO2-fanging kjem i drift lenge før den mykje omtalte CO2-handteringa på Mongstad er i gjenge.
Anlegget på Kollsnes kjem til å vera i drift 24 timar i døgnet.
– Med tre skift pluss eitt skift på vent, blir det kring 20 tilsette der. I tillegg kjem det nokre tilsette i administrasjonen, seier Theiste.
- Ei utmerkt løysing
Miljøorganisasjonen Bellona er i utgangspunktet positive til anlegget Enpro skal byggja på Kollsnes.
– Det er ei utmerkt løysing når dei får nytta CO2 frå BKK og i tillegg varmen frå denne, seier Erlend Fjøsna, som jobbar med CO2-handtering som fagfelt i Bellona.
Men han legg vekt på at miljørekneskapen kjem an på kva natriumkarbonaten blir brukt til i neste ledd. Det sentrale spørsmålet er om karbondioksidet blir verande i sluttproduktet, eller om det slepp ut. Brukar ein til dømes natriumkarbonat til produksjon av glas, blir CO2 frigjort og går ut i lufta.
– Glasproduksjon er såleis unntaket, men blir natriumkarbonatet brukt til andre ting der karbondioksidet ikkje blir frigjort, er dette eit positivt prosjekt, seier Fjøsna.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



