Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Oppbevarte narkotika

Politiet fikk natt til fredag melding om støy og bråk fra en leilighet et sted i Fjell. Politipatruljen kjørte til stedet, og tok seg inn i leiligheten. – I leiligheten ble det funnet en mindre mengde med narkotika.

[10.05.13 15:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
– Siste sjanse til meir strand på Straume

– Siste sjanse til meir strand på Straume

Friluftsrådet og eigarane av Geitvika på Straume vil regulera og utvida friluftsområdet, slik at langt fleire kan nyta sol og sjø nær tettstaden.

Publisert 17.08.12 15:08
Endret 17.08.12 15:08

Bergen og omland friluftsråd (BOF) har fått utarbeidd framlegg til reguleringsplan for Geitvika friluftsområde. Målet med planen er å gje folk eit større og betre tilrettelagt friluftsområde enn det BOF allereie tilbyr i dag.

– BOF har med denne planen lagt alt til rette for at Fjell kan få eit fantastisk, framtidsretta friluftsområde nær dei mest folkerike delane av kommunen, seier administrasjonsleiar Åge Landro i BOF.

Badevik og turveg

Han meiner eit slikt område er heilt naudsynt med den folkeveksten som er på gang i Straume-området. Det meinte også politikarane i Fjell, då dei for nokre år sidan laga Straume-planen. Planområdet er sett av til friområde både på land og i sjøen. I tråd med kommunedelplanen for Straume har BOF laga framlegget til regulering, slik at politiske ønskje som å få turvegen Straumemila gjennom området kan setjast om i handling.

– Turvegen er likevel berre ein bit av det me ønskjer å få til og kva befolkninga treng av friluftstilbod. Viss me får til det me ønskjer, vert her ein langt større badeplass enn i dag og betre moglegheiter for skular, barnehagar og familiar til å nytta seg av området, seier Landro.

Parkering og toalett

Ei utfordring i dag er mangelen på parkeringsplassar, som fører til mykje parkering langs Industrivegen på fine dagar. Ei anna utfordring er behovet for toalett og garderobe for badeplassen. Dette vil BOF løysa i samarbeid med Soli Eigedom, som eig store delar av planområdet.

Planen er å byggja eit kombinert kontor- og servicebygg i fem etasjar, med parkeringskjellar under bakken. Her vert det reserverte plassar til bruk av friluftsområdet, men også parkeringa knytt til kontora i dei øvre etasjane kan nyttast av folk som som vil bada, fiska eller gå tur på ettermiddag og kveld.

Rådmann Steinar Nesse i Fjell er positiv til planframlegget. Han meiner at reguleringa vil gjera Geitvika tilgjengeleg, attraktiv og trygg gjennom mellom anna god tilkomst, parkering, toalett og avfallshandtering. For å få dette til må ein godta kontordelen av bygget, sjølv om det strir mot arealbruken i Straume-planen.

Kompromiss

Kontorbygg inne på eit friområde er eit kompromiss for å få parkering og toalett til brukarane av badeplassen. Men rådmannen ønskjer å ta ut ein etasje for å få ned høgda på bygget og redusera innsynet på badeplassen og friluftsområdet.

– Det kunne eg ha forstått viss ikkje det var for tilhøva elles i området. Med fleire store bygg i industriområdet like bak vil vårt bygg snarare fungera som ein buffer, meiner styreleiar Johannes Kobbeltvedt i Soli Eigedom.

Han peikar på at bygget også skal vera servicebygg og parkeringshus for friluftsområdet. Kontorareala er det som skal finansiera det heile, noko som vert vanskelegare om ein må ned ein etasje.

– Me har allereie gått ned ein etasje, i høve til kva Soli Eigedom opprinneleg hadde ønske om. Me vil byggja eit pent, kombinert bygg som føyer seg fint inn i terrenget og skjermar mot steinfyllinga og «stålkassane» i industriområdet bak, seier Johannes Kobbeltvedt.

– Grønt engasjement

Slik han ser det, har Fjell no sjansen til å få eit godt tilbod om tilrettelagt friluftsområde delfinansiert av private. Selskapet har eit samarbeid med Sotra Sportsklubb om turvegar i Idrettsparken, ein veg som snart strekkjer seg heilt mot Ebbesvik.

– No prøver me å få til noko liknande i samarbeid med BOF, fordi me ser på allmennytte og grøne lunger som viktig. Det vil vera kjekt om kommunen merkar seg kva aktørar som fører ei slik linje og bidreg til å sikra Geitvika som friluftsområde for folk, seier Johannes Kobbeltvedt.

 

Politikarane vil ut i felten

Planpolitikarane i Fjell utsette saka om reguleringsplan for friluftsområdet Geitvika, då rådmann Steinar Nesse før sommaren la saka fram med tilråding om å leggja reguleringa ut til høyring. Dei folkevalde i komiteen ville ha synfaring først.

– Det vert synfaring 21. august. I ei slik sak er det greitt å sjå staden. Det kan henda me då ser moglegheiter som gjer at også naboane sine motførestellingar kan løysast, seier komiteleiar Jan Arthur Nilsen (H).

Det store spørsmålet er om kommunen skal oreigna ei hyttetomt og ei nausttomt i den nordlege delen av Geitvika. For BOF er det avgjerande å få utvida friluftsområdet og badeplassen, for å kunna gje eit betre tilbod til fleire innbyggarar i området.

– BOF legg no alt til rette, det einaste politikarane treng er å gjera eit vedtak. Det ligg jamvel tre millionar statlege kroner på vent som kan bidra til innløysing av eigedommen, seier leiar Åge Landro i BOF.

Han meiner utvidinga må til dersom Geitvika skal dekka etterspurnaden etter bade- og friluftsliv i byområdet Straume i åra framover. Leiar Jan Arthur Nilsen trur ikkje at nokon i komite for plan (KPU) er mot Geitvika som friluftsområde, spørsmålet er korleis utvidinga skal løysast.

– Me ønskjer å sjå om det finst alternative løysingar. Viss ikkje samfunnet sine interesser let seg samkøyra med hytta nord i området og andre private interesser, så er eg open for oreigning, seier komiteleiaren.

Når det gjeld kontorbygget ønskjer Nilsen å sjå korleis det vert liggande i terrenget, med tanke på om høgda bidreg til eller tvert om skjermar mot innsyn til badeplassen. Den er BOF klar på at dei vil utvida og legga til rette, like fint som søre delen av Geitvika no er blitt.

– Dette handlar om eit overordna samfunnsansvar som Fjell allereie har sagt dei vil ta gjennom Straumeplanen. Når kommunen har sagt A må dei gripa sjansen no og seia B, meiner Åge Landro.

Tips en venn




17. mai-feiring i gråvær og varme

17. mai-feiring i gråvær og varme

Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

    Populær p-plass treng utviding

    Populær p-plass treng utviding

    Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

      Generalprøve for Brudansen

      Generalprøve for Brudansen

      Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          Mens pensjonistekteparet Solfrid og Ragnar Audun Sangolt ferierer i Tyrkia har innbruddstyver herjet i boligen på Sangolt.

            Driftsmodell på hengjande håret

            Driftsmodell på hengjande håret

            Opplegget for korleis drifta av Sotra Arena skal vera frå hausten av gjekk gjennom i komite for finans med knappast mogeleg margin.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10