Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Sei di meining om framtidas Straume

Sei di meining om framtidas Straume

Fjell kommune og utbyggar Ernst Einarsen er spent på mottakinga, når områdereguleringa for Straume sentrum no er ute på høyring.

Publisert 29.06.10 10:06
Endret 29.06.10 10:06

STRAUME: I forrige veke la formannskapet ut den omfattande planen, som legg grunnlaget for omforminga av regionsenteret Straume frå kjøpesenter til bysentrum. I fire månader framover kan alle som ønskjer det koma med innspel til planen. Verken kommune eller utbyggar legg skjul på at innspela frå regionale styresmakter er dei det knyttar seg størst spaning til.

Levande sentrum
– Fjell kommune og Sartor Holding har lagt mykje arbeid i å laga ein plan som kan gje eit levande sentrum. Det vonar eg Fylkesmannen vil sjå, seier eigedomsdirektør Ernst Einarsen.

Det er framfor alt Fylkesmannen og andre offentlege instansar som kan stansa eller kreva endringar i områdereguleringa. Det er ein omfattande plan staten sin mann og andre høyringspartar no får på bordet. Planen vil altså ligga ute i fire månader. Det kan ein trenga, for me snakkar her om den største, mest omfattande og detaljrike reguleringsplan som noko gong er fremja i Fjell kommune. Sentrum av regionsenteret skal få ei omfattande oppgradering gjennom åra som kjem. Gater, plassar og parkar må utformast med ein kvalitet som løftar sentrumskjerna frå bilbasert kjøpesenter til levande by for vandrande og handlande.

Riv for å bygga opp
For å få dette til må ein riva 12.000 kvadratmeter av dagens bygningsmasse. Til gjengjeld skal det over ein periode på eit par tiår byggast ut over 110.000 nye kvadratmeter. Bustader, butikkar, service og kontor vil kreva store parkeringsareal, men det aller meste av parkeringsplassar i dagen skal bort.

– Med tanke på å få Fylkesmannen og andre partar med på laget er det viktig at planen skaper eit tydeleg grunnlag for omforming av Straume, seier planleggar Hans-Jacob Roald i Fjell kommune.

Parkareal, opne plassar og gater som legg til rette for fotgjengarar og byliv må difor koma i staden for bilar og parkeringsplassar i overflata. Då må bilane ned i grunnen.

Fjellhallar
I søre delen av planområdet er det teikna inn to nye rundkøyringar. Frå søraust vert det innkøyring til ein fjellhall med 1500 parkeringsplassar. I nord kan ein bygga ytterlegare 950 plassar i eit fjellanlegg. Føresetnaden er eigen reguleringsplan som er samkøyrt med nytt fastlandssamband. I tillegg vert dagens parkeringsanlegg med 700 plassar vidareført. Men ein ting er parkeringsplassar i bakken under sentrum. Ein treng også eit vegsystem som kan få bilane inn og ut av Straume-byen. I formannskapet stilde Jorunn Gjersvik (Sp) spørsmål ved om vegsystemet har kapasitet til å ta unna trafikken.

Treng ny veg
– Tilkomsten til parkeringsareal frå sør er vesentleg i denne planen. Difor vert det avgjerande å få på plass den nye vegen mellom Arefjord og Storskaret, seier Hans-Jacob Roald.

Store parkeringsanlegg vil likevel på langt nær fjerna bilane totalt frå gatene i Straume sentrum. Tore Turøy (V) stiller spørsmål ved om planen tek nok omsyn til mjuke trafikkantar, når parkeringsdekninga i området vert auka så kraftig. Utbyggar Ernst Einarsen ser føre seg underjordiske parkeringsanlegg etter modell frå Klostergarasjen i Bergen.

– Tanken er å ha eit tilsvarande system med utgangar fleire stader i sentrum, framfor berre å slusa folk inn i senteret, seier Ernst Einarsen.

Inviterer folk med
Også handelsstanden er avhengig av at folk tek i bruk gatene, plassane, handletilbodet og dei offentlege tenestene som blir vendt ut mot desse areala. For sjølve kjerna i sentrumskjerna, «Festplassen», skal det lysast ut ein arkitektkonkurranse. Utbyggar og kommune skal saman utforma kriteria for konkurransen. For Fjell er det viktig å trekka fleire enn Fylkesmannen, Hordaland fylke og Statens vegvesen med i høyringa.

– Det er viktig å få nabokommunane med i høyringa, med tanke på Straume som regionsenter. Me har også tankar om utstilling og folkemøte til hausten, for å trekka folk med i høyringa, seier plan- og utbyggingssjef Willy Sørensen i Fjell.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477