Sotra med storseier

Sotras fotballherrer var i storslag lørdag ettermiddag. Laget vant hele 7-0 hjemme mot Eid. Simen Birkelund scoret de fire første målene. Jørgen Greve, Ivar Valø og Kristoffer Snekkevik scoret også for vertene.

[19.05.12 18:05]

Promillekjørte på nasjonaldagen

Ein ung mann vart torsdag ettermiddag pågripen av politiet på Ågotnes. Han er mistenkt for å ha vore rusa då han kjørte bil.

[17.05.12 20:05]

Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Returpunktet står i fare for å bli fjerna

Returpunktet står i fare for å bli fjerna

I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

Publisert 27.01.12 14:01
Endret 27.01.12 14:01

SKOGSSKIFTET: For to veker sidan skreiv Vestnytt om returpunktet for glas, metall, papir og plast ved Sund senter i Skogsskiftet. Plassen var då tilgrisa med brukte bleier, matavfall, ein knust sofa, plast, papp og eit toalett.

– Eg var så skuffa veka etter oppslaget i avisa, for eg hadde forventa at folk fekk litt dårleg samvit, seier informasjonskonsulent Tina Skudal i Bir. Men også den veka var returpunktet forsøpla.

El-artiklar går gratis
– Når vi no endå ein gong opplever omfattande forsøpling her, står returpunktet i fare for å bli fjerna, seier Skudal. Denne gongen fann ryddemannskapet blant anna sekkar med restavfall, ein datamaskin og ein brødristar i haugen.

– Han som ryddar der ute, er fortvila, opplyser Skudal.

Returpunktet i Skogsskiftet har lenge vore eitt av problempunkta for Bir.

– Vi brukar store ressursar på opprydding, og det er med på å auka renovasjonsavgifta. Det er dårleg gjort at enkelte få skal øydeleggja for så mange, meiner Skudal. Ho viser til at artiklar som datamaskinar og brødristarar til og med er gratis å levera. Forhandlarar av denne typen varer er forplikta til å ta imot slikt avfall utan kostnad for kunden. Også på gjenbruksstasjonar kan ein levera slikt gratis.

Fjellsokning forsøplar
Denne gongen har Bir funne namn og adresser i bosset.

– Så no sender vi ut fakturaer for oppryddinga, opplyser ho. Ei kvinne i Sund er identifisert.

– Den eine forsøplaren har faktisk adresse på Straume i Fjell! seier Skudal.

Returpunktet i Skogsskiftet er det einaste punktet der ein kan levera både glas, metall, papir og plast på same plass.

– Vi har seks returpunkt i Sund, men dei fleste er kun for glas og metall, seier Skudal.

På Eide, Spildepollen, Glesnes og Klokkarvik finn ein returpunkt for glas og metall, medan ein kan levera både glas, metall og papir ved butikken på Forland. Det einaste punktet for levering av plast står i dag nettopp ved Sund senter, saman med konteinarane for glas/metall og papir.

– Alle privatkundar kan auka storleiken på papirspannet sitt frå 140 til 220 liter utan ekstra kostnad. Også plast kan kundane setja ut så mange sekkar dei vil til henting heime, opplyser Skudal.

Prøver først med eit skilt
– Kva med dei kundane som oppfører seg skikkeleg, og som leverer på korrekt måte i Skogsskiftet?

– Det er grådig synd, og vi likar ikkje å forringa tilbodet. Men må vi, så må vi. Vi ser ingen teikn til betring, og vi kan ikkje halda fram med å rydda opp ved dette punktet slik vi til no har gjort, seier Tina Skudal.

I første omngang blir det med det første hengt opp eit skilt ved returpunktet, med informasjon om at det blir fjerna dersom ikkje forsøplinga stansar.

– Så får vi gi det eit par veker etter det før vi bestemmer oss, seier Skudal.

Tips en venn




Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.

    Avgjorde på overtid

    Avgjorde på overtid

    Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.

        Askøy enda med motsegn

        Askøy enda med motsegn

        I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.

          Frontkollisjon på Dala

          Frontkollisjon på Dala

          To bilar frontkolliderte torsdag kveld på hovudvegen forbi Dala sør i Fjell kommune. Føraren av den eine bilen er mistenkt for promillekøyring.

            Vått men kjekt

            Vått men kjekt

            Nasjonaldagen var prega av regn, men unge og gamle lot ikkje det stoppa feiringa.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477