Real Ones til Periferifestivalen
Det blir Periferifestival også i år. Det første bandet som er klart, er Real Ones, bandet som laurdag kveld fekk sin første Spellemannspris.
Endret 26.01.09 08:01
GLESNES: – Det er jo så gledeleg at det bandet vi no går ut med, laurdag kveld fekk Spellemannsprisen, seier pressetalskvinne Helga Golten i Periferifestivalen. Ho kan stadfesta det som mange lenge har rekna med, at det blir Periferifestival også i år. Samtidig fortel ho at Real Ones er eitt av banda som prydar festivalplakaten.
Siste helga i august
Bergensbandet Real Ones består av fem barndomsvenner som har spelt saman i 15 år. I fjor gav dei ut albumet All for the Neighbourhood, og på laurdag fekk dei altså Spellemannsprisen for beste popgruppe.
Årets Periferifestival, den tredje i rekkja, blir arrangert siste helga i august, nærare bestemt 28. og 29. august.
Festivalleiinga har fleire artistar på trappene, men Helga Golten vil ikkje ut med kven det er.
– Vi må ha kontraktane og alt 100 prosent ferdig, seier ho.
Grytten festivalpoet
Det som er bestemt og spikra, er at Frode Grytten blir festivalpoet.
– Vi har aldri før hatt festivalpoet, så det blir spennande å sjå korleis det artar seg, meiner Golten.
Grytten deltok på Periferifestivalen for to år sidan, då saman med bandet Finn Erix, kjent frå Radio Røynda. Han framførte då eit dikt skrive spesielt til festivalen, Sotra og Øygarden: Innerst i sjelen/Ytterst i periferien.
– Du skal ikkje sjå bort frå at han skriv noko nytt. Han skal i alle fall få god plass på festivalen, lovar Golten.
Festivalkunstnaren
Årets festivalkunstnar er også klar. Det blir Gro Petersen frå Fjell. Som tidlegare festivalkunstnarar på Glesnes stiller ho ut i kafeen på kaien. Petersen er utdanna blant anna ved Bath University College og ved Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har ei lang rekkje utstillingar å visa til, og verka hennar er kjøpt inn av blant andre Statens Hus, Haugesund Sykehus, Bergen Brannvesen og Fjell kommune.
I arbeida sine tar ho oftast utgangspunkt i fotografiet, som ho kombinerer med tegna og malte flater.
– Det er viktig for oss at festivalkunstnaren passar inn i konseptet vårt. Det gjer Petersen, seier Golten.
Same profil som før
Det blir ingen store endringar av profilen på Periferifestivalen. Det handlar framleis om naust, sjø, kystkultur kombinert med musikk og annan kunst. Det vil også i år berre stå sjømat på menyen.
– Ingen har etterlyst verken pølse eller hamburger, smiler Golten.
I fjor hadde festivalen open dag for alle aldrar på laurdagen. Det blir det også i år.
– Men i år vil vi nok spissa dagtilbodet litt meir, slik at vi får noko spesifikt for barn og noko spesifikt for ungdom, forklarar Golten.
Ho blei overraska over kor mange som kom på dagarrangementet i fjor.
– Vi tenkte det skulle vera ein dag for bygda, men det kom enormt med folk, seier Golten.
Billettane til Periferifestivalen blir lagt ut allereie i morgon.
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



