Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Prøver å kvitta seg med Frp-formannen

Prøver å kvitta seg med Frp-formannen

Styret i Sund Frp har ikkje lenger tillit til formann Roald Broch. Det er splid i partiet om synet på asylmottaket på Klokkarvik.

Publisert 27.11.08 08:11
Endret 27.11.08 08:11

 I ei kort pressemelding skriv nestformann May-Elin Limevåg i Sund Frp at styret kallar inn til ekstraordinært årsmøte for «valg av ny formann».
– Utover pressemeldinga vil vi ikkje kommentera saka, seier Limevåg.

Fekk kritikk for jobben
Det er synet på asylmottaket på Klokkarvik som splittar partiet. Roald Broch fortel at han fekk kritikk frå deler av kommunestyregruppa i Sund Frp då det blei kjent at han hadde fått seg jobb som vaktmeister på asylmottaket som opnar i neste veke.
– Mitt mål med å ta jobben er å bidra til best mogleg gjennomføring både for innbyggjarane og dei som kjem. Eg hadde ikkje tatt jobben om eg hadde vore sterkt imot mottaket. Då hadde eg heller vore ein del av hylekoret utanfor, seier Roald Broch.

Broch tok avstand
Vestnytt skreiv laurdag om den siste interpellasjon frå Frp om asylmottaket, signert av gruppeleiar Svein O. Jacobsen og Jan Kåre Strønen. Denne interpellasjonen hadde ikkje Broch høyrt om før Vestnytt ringte, og Broch uttalte seg kritisk.
– Det er formuleringar her som eg tar avstand frå, sa Broch.
Det fall ikkje i god jord hos blant andre gruppeleiar Svein O. Jacobsen, og det blei kalla inn til eit ekstraordinært styremøte måndag kveld. Her hadde ikkje Roald Broch høve til å møta, og resten av styret vedtok altså at det skal veljast ny formann i partiet.
– Samstundes er eg blitt kontakta av andre medlemmer i Frp som støttar meg, fortel Broch.

Brev til fylkespartiet
– Føler du at du blir straffa for å ha tatt jobben på mottaket?
– Ja, eg føler vel det. Men eg  ser eigentleg ikkje noko problem i å vera Frp-formann samstundes som eg har den jobben, seier Broch.
Han opplyser at han sjølv har skrive eit brev til Hordaland Frp der han ber om deira syn på hans rolle i partiet kontra jobben på asylmottaket.
Broch er framleis kritisk til korleis enkelte i partiet går fram i asylsaka.
– Eg er litt forundra over at dei vil ha ny formann, for eg meiner eg bidrar til eit meir nyansert bilde av Frp sin asylpolitikk, seier Broch.

Årsmøtet bestemmer
Sjølv om styret ikkje har tillit til Broch, er det årsmøtet i lokallaget som må ta stilling til kven som skal vera formann i partiet. Ved siste korsveg vann Broch over Jan Kåre Strønen i voteringa om formannsvervet.
– Vil du kjempa for plassen din?
– Spørsmålet er om ein vil vassa i negative ting. Ein vil jo gjerne bruka fritida si på noko hyggeleg. Men har eg støtte, stiller eg sjølvsagt opp for partiet, seier Roald Broch.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477