Prøvde å selga kai utan å eiga den
Terje Nordøy har havna i havnetrøbbel mot si eiga vilje. Øygarden kommune har lista kaia han er medeigar i, som offentleg. – Det morosame er at Øygarden og Sotra Rutelag forsøkte å selga kaien i 1986, ler Terje Nordøy.
Endret 23.07.10 17:07
HELLESØY: Terje Nordøy har brukt delar av sommaren på eit prosjekt på Nordøy. Der ligg óg kaien han og to andre bruk eig.
Men ifølge Øygarden kommune er det kommunen som eig kaien.
– Eg såg det i nokre sakspapir frå komité for teknikk. Der var ei liste over offentlege kaiar i kommunen. På den lista sto kaien på Nordøy, smiler Terje Nordøy.
Han tek det heile med ro, men tykkjer det var litt interessant å sjå at kaien er lista som offentleg, sidan den vart forsøkt seld for 24 år sidan.
Rutelaget ville selga
I 1986 sto det ein liten notis i Gula Tidend om at Øygarden og Sotra Rutelag ville selga kaien på Nordøy til Øygarden kommune.
«Øygarden og Sotra Rutelag ynskjer å selga ei kai på Nordøysund til Øygarden kommune. Staden vert brukt til feriestad. Kaia er oppførd i betong og rutelaget har sett salsummen til 30.000 kroner».
Det var den dåverande fiskerirettleiar Johannes Mikkelsen som oppmoda Øygarden kommune om å kjøpa eigedomen.
– Eg har forsøkt å få tak i prov som fortel om rutelaget klarte å selga kaien til kommunen eller ikkje, smiler Terje Nordøy.
Han tykkjer lite om at kaien er definert som offentleg, sjølv om han ikkje har noko i mot at folk nyttar seg av kaien.
– Eg er tilhengar av allemannsretten, og eg har ingenting i mot at nokon brukar kaien, men det er greit å ha på det reine at denne kaien har vore i familien min, og to andre familiar, sitt eige i ganske mange år, seier Terje Nordøy.
Humoristisk
Han tykkjer det er ganske morosamt å oppleva at kaien no står som offentleg.
– Eg har snakka med den nye kommunalsjefen i Øygarden, Johnny Danielsen, som forstår problemstillinga. Kommunen kjem til å sjå nærare på saka, seier Terje Nordøy.
Då rutelaget forsøkte å selga kaien, gav familien Nordøy beskjed kven som eigde den. Sidan høyrte dei ikkje noko.
– Det gjekk 24 år før me såg at kaien var lista som offentleg, smiler Nordøy.
No ber han eigarar av slike anlegg, sjekka papira sine.
– Det er greit å sjekka om ein faktisk har alt på det reine og at ein har alle prov ein treng. Det er greit å legga alt til rette for dei komande generasjonane, slik at dei ikkje får seg nokre overaskelsar, seier Terje Nordøy.
Kaien vart bygd på 50-talet. Etter ei jordskiftesak i 1960, vart eigedomen fordelt på tre bruk på Nordøy. Det er dei som eig kaien i dag.
Det let seg ikkje gjera å få tak rette vedkomande i Øygarden kommune, på grunn av ferieavvikling.
Terje Nordøy ler litt av at han brått såg at kaien på Nordøy, som familien hans eig saman med to andre bruk, sto på lista over offentlege kaiar i Øygarden kommune.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





