Planlegg kjempefelt på Kolltveit
Politikarane i Fjell skal i dag ta stilling til planane som opnar for bygging av over 400 bustader på Kolltveit og Blommen.
Endret 17.01.12 09:01
KOLLTVEIT: Selskapet JM, tidlegare JM Byggholt, står bak den største reguleringsplanen som skal handsamast i komite for plan- og utvikling i kveld.
Planen legg til rette for bygging av om lag 350 bustader av ulik storleik og type. Av desse er dei fleste planlagt som leiligheiter i lågblokker og firemannsbustader. 75 av einingane er planlagt i rekkehus, og det er 14 frittliggjande einebustader i planen.
– Vi har jobba lenge med denne planen. No ser vi fram til å koma i gang, seier regionssjef Yngve Fløisand (bildet) i JM Norge, Bergen.
Likar å jobba stort
Området som no blir regulert til bustader, er på 275 mål og ligg sør for golfbanen på Kolltveit, i retning mot Blommen og Fjell gard. Innkjørselen til det store feltet er planlagt frå vegen som går frå Blommen mot Bildøybakken.
– I det første delfeltet har vi også sett av ei tomt til barnehage, opplyser Fløisand.
JM har aldri før bygd på Sotra.
– Nei, dette blir det første prosjektet vårt her ute, seier regionssjefen.
Han opplyser at det ligg i forretningsideen til JM å jobba med store bustadfelt.
– Og dette blir det nest største feltet vi har jobba med i Hordaland. Kun Stongafjellet på Askøy er større, der har vi 600 bustader, seier Fløisand.
Gang- og sykkelsti
Området ligg høgt i terrenget.
– Det blir utsikt i fleire retningar, alt etter kor på området ein er. Men mykje blir vestvendt, og det er gode solforhold, meiner Fløisand.
Det har lenge pågått ein dialog med kommunen når det gjeld rekkefølgjekrav. Kommunen har tidlegare kravd at gang- og sykkelsti til Kolltveit skule og Fjell ungdomsskule skal vera ferdig opparbeidd før det blir gitt bruksløyve til bustadane.
– Vi meiner det er eit urimeleg krav, fordi det ikkje kan gjennomførast innan rimeleg tid, seier Fløisand.
Før ein gang- og sykkelsti kjem på plass, må det lagast planar, kjøpast grunn, finansierast og byggjast, og dette ansvaret ligg på det offentlege.
– Vi har ingenting imot å bidra økonomisk til dette, men vi ønskjer å koma i gang med bygging av feltet så raskt som mogleg, understrekar han.
Vatn og kloakk
Eit anna tema som er blitt problematisert, er vatn og avlaup. I ein ny uttale til reguleringsplanen sa Fjellvar nyleg at avlaupet frå det nye byggjeområdet må førast til dei nye reinseanlegga som skal byggjast på Litlesotra.
– Det er ikkje kapasitet på leidningane i dag til bortleiing av så store mengder avlaup som det her er tale om, heiter det frå Fjellvar.
– Vi trur dette må handla om ei misforståing. Alt i 2009 avtalte vi med Fjellvar at vi skulle kopla oss på anlegget til Møvik, seier Fløisand.
Også privatpersonar og grendalag har kome med innspel til planen, og det er fleire som meiner det er lagt opp til altfor mange bustader. Rådmannen i Fjell anbefaler likevel at planen blir godkjent.
Fløisand håpar at JM kan starta salet av dei første bustadane alt før sommareferien.
– Vi er kjappe så sant vi får politisk godkjenning og vi blir einige med kommunen om ein utbyggingsavtale, seier Fløisand.
48 bustader i Blommen
Også like sør for området til JM blir det no lagt fram ein reguleringsplan for bustadbygging. Her blir det lagt til rette for konsentrert bustadbygging, til saman 48 bueiningar. Denne planen er det Georg Langeland og Nils Einar Nesse som står bak gjennom selskapet Blommen AS.
Kommunen vil stilla dei same krav om gang- og sykkelsti og VA-løysingar til denne utbyggjaren som dei stiller til JM.
Når planane er behandla i komiteen i kveld, skal dei sendast vidare til kommunestyret for endeleg behandling.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



