Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sponheim snur på brua

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt ut det han kallar ei presisering til høyringsfråsegna om Sotrasambandet. Fylkesmannen skriv at han kan trekkja motsegna mot firefelts bru, dersom to av felta vert reservert for bybane.

[15.05.12 12:05]

På tabelltopp

Mandag vant Skjergard sin fjerde strake fotballkamp i 5. divisjon avdeling 1. Daniel Sørenes scoret begge målene i 2-1-seieren over Inter Bergen.
Nå leder laget fra Øygarden 5. divisjon avdeling 1.

[15.05.12 08:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
 Panorama konferansehotell opnar i dag

Panorama konferansehotell opnar i dag

Arkitekten av Panorama konferansehotell har reist rundt i Sund og fotografert naust og tradisjonsbygg. Bileta har han brukt på dørene inne på kvart einaste hotellrom.

Publisert 01.03.11 09:03
Endret 01.03.11 09:03

I dag opnar hotellet. For dei som har eit bilete av korleis hotellet ein gong såg ut då det heitte Marsteinen hotell, så er det berre å legga dei minna på hylla.

Det nye konferansehotellet er ei perle med direkteutstikt til Tofterøy. Kvar hotellromdør har eit bilete frå ein eller annan stad i Sund. Arkitekten har verkeleg tatt kommunen si historie på alvor då han planla korleis hotellet skulle sjå ut.

Opitz opna dørene

Ole Martin Opitz er marknadssjef på hotellet. Det var ein lettare stressa, men smilande Opitz som tok i mot Vestnytt berre nokre dagar før opninga.

Den hektiske aktiviteten kring i heile hotellet vitna om at datoen i dag skulle haldast.

– Me har totalrenovert hotellet. Ein vil ikkje kjenna seg att her, smiler Ole Martin Opitz.

Me sit ute i minglerommet. Sidan det er eit konferansehotell, så er stadar der konferansegjestene kan vera saman utanom møter og seminar svært viktig. Det har Opitz tatt på alvor.

– Me har lytta til andre som har røynsle med konferansehotell, og dei har sagt at såkalla minglerom var viktig, seier marknadssjefen.

Dei har holdt på heilt sidan 2008. Ein enorm sal er framleis under arbeid, og den vert ikkje ferdig før til neste år.

Men då vert det den største bankettsalen i stor-Bergen. Med sine 1000 kvadratmeter, vert salen større enn kva sjølvaste Grieghallen kan verta vertskap for.

– Det vert den største bankettsalen med plass til 900 gjester, seier Opitz.

Men han vil heller snakka om det opningsklare hotellet.

Gjennomført

Alt frå resepsjonen til dører og veggar er ei reise i kystkultur blanda med modernisme. Steinveggar glir saman med plysj, og naustdører markerer inngangen til kvar av dei 57 dobbeltromma.

– Korleis er belegget no?

– Me er vel meir eller mindre fullbooka fram til hausten, og det var klart før hotellet opna, seier Ole Martin Opitz stolt.

– Flink seljar du då?

– Det er heller eit hotell som sel svært godt. Dei som har sett hotellet, vart svært positivt overraska, smiler Opitz.

Denne helga var over 200 menneske i sving for å verta ferdig med hotellet. Til og med tilsette, som skal driva hotellet, har kome for å hjelpa.

Fleire årsverk

Hotellet vil ha ein kjerne på kring ti fast tilsette.

– I tillegg vil det vera rundt 30 deltidsstillingar og 60 til 70 ringehjelparar. Me må vera fleksible når me er eit konferansehotell, seier marknadssjefen.

Me sit inne i «eldhuset».

– Arkitekten vår, Lasse Nøstvold hjå Vaardal Lunde arkitekter, har sett det maritime og moderne saman. Han har vore svært opptatt av å få fram kjenneteikna og det unike frå Sotra, seier Ola Martin Opitz.

De er fleire slike små rom spreidd rundt i det store minglerommet.

Det er Marsteinen Holding som er eigar av dei to selskapa som skal drifta konferansehotellet. Dei to er Marsteinen eigedomsselskap og eit nytt driftsselskap under namnet Panorama konferansehotell AS.

– Er du nervøs?

– Hehe, nei, ikkje nervøs, men svært spent. Eg trur dette går bra, smiler Ole Martin Opitz berre nokre døger før den store opningsdagen.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477