På oppdrag frå kommunen
Første halvpart av dei nesten 60 ungdommane som søkte sommarjobb i Sund kommune, starta denne veka med nedvasking, luking, maling og anna arbeid.
Endret 02.07.10 13:07
SUND: I løpet av fire veker denne sommaren skal 57 ungdommar frå Sund jobba to veker kvar for kommunen.
– Vi har fått plass til alle, fortel ein av organisatorane, Knut Eivind Nygård, leiar for reinhaldsavdelinga i Sund. I utgangspunktet var planen at ungdommane skulle få jobba i tre veker kvar, men sidan så mange søkte, blei dette redusert til to.
Maling og snikring
Ved Grønebakkane på oppsida av Sundheimen i Skogsskiftet er fire karar i sving med å mala omsorgsbustader. Jørgen Kristiansen frå Skogsskiftet, Øystein Algrøy frå Tofterøy, Daniel Hammersland frå Hammersland og Morten Øvretveit frå Steinsland har fått i oppdrag å mala tre hus.
– Etterpå skal vi snikra terrasserekkverk, fortel Daniel.
Dei første dagane var vêret langt frå optimalt for maling, så gjengen er ikkje sikker på om dei rekk å bli ferdige i løpet av to veker.
Alle synest det er positivt at Sund kommune bestemte seg for å bruka 400.000 kroner på sommarjobb for ungdom.
– Eg søkte for å tena pengar til ferien. Eg skal til Gran Canaria, fortel Øystein, som går på teknologilinja på Sotra vidaregåande. Seinare skal han ta ingeniørutdanning ved høgskulen i Bergen. Planane er med andre ord klare.
Positiv tilbakemelding
Jørgen tvilar på at han hadde fått sommarjobb om det ikkje var for dette tilbodet. Han ser for seg ei framtid som mekanikar, gjerne på båt. Daniel skal starta på bygg og anlegg på den vidaregåande skulen i Sund, og Morten går i lære for å bli industriteknikar.
– Kva synest de om sjølve oppgåva de har fått her?
– Jo, den er grei nok, meiner Jørgen.
– Det blir jo litt einsformig å mala i lengden, vedgår Øystein.
I starten av veka fekk dei opplæring av ein målarmeister.
– Eg plukka opp nokre tips sjølv, ler dagleg leiar Nina Glesnes i Sund Eigedomsutvikling, som har ansvaret for denne gruppa sommarjobbande ungdom.
– Eg har fått tilbakemelding på at dei er flinke og nøyaktige, rosar ho.
Måtte få nye oppgåver
Like ved, utanfor Sundheimen, er eit anna arbeidslag i gang med luking.
– Vi har rydda og merka stiar i Nordsjøløypa, fortel Morten Bakke frå Bakka. Med på arbeidslaget er Fredrik Bakke frå Bakke, Henriette Vorland frå Telavåg og Ingunn Sangolt frå Skogsvåg. Dei skulle eigentleg bruka ei veke på rydding og merking av sti.
– Men vi gjorde oss ferdige på ein og ein halv dag, gliser Ingunn. Sveittedråpar i panna på Fredrik er bevis på at det går unna i svingane også med lukinga.
– Det er kjekkare å ha noko å gjera når ein først er i gang. No er jo vêret så flott også, seier han. Til hausten skal Fredrik starta på teknikk og industriell produksjon (TIP) på vidaregåande på Bildøy, medan Morten skal til bygg og anlegg i Sund. Jentene er eitt år eldre og har alt starta på vidaregåande. Henriette er skulelei og startar i lære til hausten for å bli helsefagarbeidar, medan Ingunn går på almenn på Danielsen i Bergen.
Løn er heilt klart ein motiverande faktor for alle ungdommane.
– Det er eit bra tilbod, og det er bra at dei delte det opp, slik at alle fekk jobb, meiner Fredrik.
Ingunn påpeikar at attesten dei får frå kommunen, også er viktig.
– Den kan koma godt med seinare, smiler ho.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





