Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sponheim snur på brua

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt ut det han kallar ei presisering til høyringsfråsegna om Sotrasambandet. Fylkesmannen skriv at han kan trekkja motsegna mot firefelts bru, dersom to av felta vert reservert for bybane.

[15.05.12 12:05]

På tabelltopp

Mandag vant Skjergard sin fjerde strake fotballkamp i 5. divisjon avdeling 1. Daniel Sørenes scoret begge målene i 2-1-seieren over Inter Bergen.
Nå leder laget fra Øygarden 5. divisjon avdeling 1.

[15.05.12 08:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
På jakt etter nytt kjøkken

På jakt etter nytt kjøkken

Kokken Arthur har avvikla selskapsverksemda på Møvik og er no på jakt etter eit nytt kjøkken. – Eg forsvinn ikkje, lovar kokken.

Publisert 13.01.12 08:01
Endret 13.01.12 08:01

Arthur Fjetland, betre kjent som Kokken Arthur, har leigd kjøkken og selskapslokale på Møvik kai i Fjell dei siste fem åra. No har han arrangert sitt siste selskap i lokala.

– Førebels har eg behalde kjøkkenet på Møvik, men eg er på jakt etter nye lokale, seier kokken.

Ikkje estetisk nok

Det er spesielt miljøet på utsida av selskapslokala på Møvik han er misnøgd med.

– Det er ikkje fint nok reint estetisk. I tillegg er det ei blanding av aktivitetar som ikkje passar så godt, seier kokken.

Han vil gjerne gi eit meir heilskapleg tilbod til gjestene sine enn det han har kunna gjera på Møvik.

– Eg vil gjerne at gjestene mine skal kunna sitja utandørs og ta seg eit glas utan at nokon står og skrur på ein bil like ved, seier Fjetland.

– I tillegg har eg brukt to millionar kroner på husleige og straum dei siste fem åra, legg kokken til.

Er open for idear

Kokken Arthur har opparbeidd seg eit namn på Sotra og er ein populær cateringleverandør. Han produserer framleis cateringmaten på kjøkkenet på Møvik, men er altså på jakt etter noko nytt.

Han er open både for å leiga kombinert kjøkken og selskapslokale, eller berre kjøkken.

– Det er stort behov for selskapslokale her ute, og folk er opptekne av skikkeleg mat. Dei er lei av blomkålsuppe og svinesteik, meiner Kokken Arthur. Han håpar folk tar kontakt om dei har ein idé eller eit tilbod.

– Er det nokon som har eit lokale og som er ute etter ein kokk med ADHD, veit dei kor eg er, flirer han.

Slutt på Oksen også

På forsommaren i fjor satsa han friskt ved å opna Vestlandets største selskapslokale på holmen Oksen vest for Solsvik. Oksen er eigd av Liegruppen, som i mange år har forsøkt å selja holmen.

I fjor gjorde Liegruppen ein avtale med Kokken Arthur om selskapslokala på holmen. Her skulle det arrangerast blåturar og selskap, og det skulle haldast ope i helgane.

– Eg arrangerte seks-sju selskap gjennom sommaren med alt frå 90 til 550 menneske. Tilbakemeldingane frå gjestene var gode, men det blei tungvint, seier Fjetland. Han mista også litt gløden då Liegruppen på nytt annonserte sal av Oksen.

– Eg trudde nok at dei ville vera med og sparka litt ifrå, så eg mista piffen.

Dermed kjem han ikkje til å halda fram på Oksen komande sommar.

– Dersom dei vil leiga meg inn til noko, er eg med på det, men eg kjem ikkje til å driva noko på eiga hand der til sommaren, opplyser han.

Men satsar på Lokøy

Til påske er det fire år sidan Fjetland kjøpte ein eigedom i Linevik på Lokøy. Den satsar han tungt på.

– Alt eg har hatt av overskot andre stader, har eg lagt ned der ute, seier Fjetland. Han ventar no på å få tilkopla vatn, og han skal i gang med søknader for å få godkjent lokala som selskapslokale.

– I mai er det fullt. Eg har måtta seia nei til fleire konfirmasjonar allereie, opplyser han.

På Lokøy har han plass til maks 30 personar.

– Det blir femti gongar meir eksklusivt enn det eg har hatt på Møvik. I tillegg er det mitt eige, seier Kokken Arthur.

 

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477