Øygardsskuta i ferd med å retta seg opp
Dei siste åra har sjukefråveret i Øygarden vore for høgt. Med eit aktivt kvalitetskommune-program, og stadig tettare dialog, kan det sjå ut å gå mot betre tider.
Endret 20.02.10 10:02
I fjor enda sjukefråversstatistikken til Øygarden i offentleg sektor på 9,9 prosent, noko som er for høgt i høve til kva ein vil ligga på.
Det ser ut til at feberen er i ferd med å gå ned i kommunen, med ein fråversprosent på 8,2 for første månaden i 2010.
Johannes Mikkelsen, som er prosjektleiar for kvalitetskommuneprogrammet i Øygarden, understrekar at dette er tal for ein månad.
Skuta på rett kjøl
Men det er akkurat desse tala som kan tyda på at sjukefråveret i Øygarden er i ferd med å betra seg.
I fjor såg det ikkje særleg bra ut. I januar månad 2009 låg det totale sjukefråveret på 11,1 prosent, og i februar var fråveret på 12,4 prosent. Det vert difor spanande å sjå kor februar endar opp på prosentstigen.
– Det er ein del signal som tyder på at me er på rett kjøl, seier Mikkelsen til Vestnytt.
Eitt av elementa er å snu heile problemstillinga på hovudet. I staden for å fokusera på sjukefråveret, så fokuserer ein heller på nærværsstatistikken.
– Det me prøver å gjera er å setta fokus på kva som gjer at folk vél å vera på arbeid i staden for å vera heima. Mange har eit val, seier Mikkelsen
Nærværet på topp
I Øygarden var nærværet 90,1 prosent i 2009. Mikkelsen meiner at ein skal klara å koma opp til 92 prosent i løpet av året.
– 90 prosent er ikkje godt nok, men 92 prosent er eit godt tal, smiler Johannes Mikkelsen.
Poenget med nærværsstatistikken er at ein skal tenka positivt i staden for negativt.
– Nærværet i kommunen gjekk opp med nesten to prosent i januar. Det er svært bra, seier Mikkelsen.
Fokusen skal ligga på dei som er friske og på arbeid.
Endringane er merkbare.
– Fagforeiningane og organisasjonen har signalisert at dei ser teikn til endring i positiv retning, både på haldning og kultur, seier Mikkelsen.
Øygarden kommune er ein av 140 kommunar i Noreg som er med på kvalitetskommuneprogrammet. Dei som har delteke i dette nasjonale prosjektet, har merka endringar.
– Kommunane som har vore med, har hatt ei mindre negativ utvikling i sjukefråveret enn andre kommunar som ikkje deltek, seier Johannes Mikkelsen.
– Kjekt på jobb
Hovudverneombod i Øygarden kommune, Geir Barsnes, har óg merka ei endring blant dei kommunalt tilsette.
– Statistikken lyg ikkje. Då me byrja med dette nærværsfokuset, så hadde det litt motsett effekt, men etterkvart såg folk at dette var positivt, og særskilt når einingane sjølv kunne byrja tenka på sitt eige nærvær og eigen trivsel, seier Barsnes til Vestnytt.
Han nemner tapaskurset på Tednebakkane førre veke som eit godt døme på slikt nærværsarbeid.
– Plutselig snur tankegangen litt, og ein får positiv fokus i staden for å sjå på det negative. Eg har ei sterk von om at det vert betre, om me har fokus på nærværshaldninga, seier Barsnes.
Det viktige er ifølge hovudverneombodet å leita etter kva som er positivt, i staden for å leita etter det som ikkje er bra.
– Det er i ferd med å etablera seg ein haldningsendring i einingane, og det er svært bra, seier Geir Barsnes.
Trur på Øygarden
Koordinator for kvalitetskommuneprogrammet til kommunaldepartementet og rettleiar for Øygarden, Anne Grimsrud, har hatt trua på Øygarden heile tida.
– Eg har trua på den måten dei arbeider på. Øygarden har tatt oppgåva seriøst, og eg har alltid hatt kjensla av at den kommunen kjem til å få resultater. Det er svært morosamt å sjå at dei faktisk får det no, seier Grimsrud på telefon.
Øygarden har ifølge rettleiaren arbeidd med dei riktige elementa, som nærvæer og trepartsamarbeid.
– Det er dei sjølve som skal gjera endringane, og det har Øygarden gjort, seier Anne Grimsrud til Vestnytt.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





