Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Opptur for AGR i år

Opptur for AGR i år

AGR har hatt eit godt år så langt. Med nyvunne kontrakter ventar Åge Landro at veksten vil halda fram.

Publisert 03.09.10 16:09
Endret 03.09.10 16:09

STRAUME: Konserndirektøren i AGR Field Operations kan sjå attende på eit godt halvår for sitt forretningsområde. Med eit driftsresultat på 28 millionar kroner i andre kvartal kan Åge Landro (i midten på biletet) slå fast at dette veg opp for eit noko tyngre første kvartal.

– Andre kvartal brukar å vera betre, men me har eit resultat i år som er fem millionar kroner betre sett i høve til same kvartal i 2009. Me har hatt ei sterk drift over tid og haustar frukter av langsiktig tenkning, seier konserndirektør Åge Landro.

Nye kontrakter
Etter å vunne fleire nye kontrakter i seinare tid ventar Landro at veksten vil halda fram for Field Operations. Halvårsresultata som AGR Group la fram tidleg denne veka viser betring på alle felt for det børsnoterte oljeserviceselskapet. I tillegg til Field Operations (feltoperasjonar) har AGR forretningsområda Drilling Services (brønnservice) og Petroleum Services (reservoar-evaluering og brønnplanlegging). Drilling Services gjekk frå eit underskot på over 200 millionar kroner i fjor til oppunder fire millionar i underskot for andre kvartal 2010.

– Det går heilt klart betre for heile selskapet. Også Petroleum Services hadde ein nedtur i 2009, som følgje av krisa. I år ser det ut til å bli ein opptur, seier Landro.

Ny eigenkapital
For denne delen av AGR var siste kvartalsresultat på litt over 26 millionar kroner. 2010 ser altså langt betre ut for heile selskapet enn det tunge fjoråret. Men AGR henta i blytunge 2009 heile 175 millionar kroner i ny eigenkapital.

– Det skjedde nettopp på grunn av den situasjonen me var oppe i. Nedgangen gjorde at det vart avgjerande å få ned gjeldsgraden i selskapet. AGR sin hovudeigar Altor tok ansvar og bidrog til refinansieringa, forklarer Landro.

Det private fondsselskapet Altor sit med 76 prosent av AGR. Det er slik sett få av AGR-aksjane som er i omløp på børsen.

– Likevel er det hyggeleg å sjå at AGR sin verdi på børsen stig og no er meir i tråd med verdiane i selskapet, seier Åge Landro.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477