Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sponheim snur på brua

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt ut det han kallar ei presisering til høyringsfråsegna om Sotrasambandet. Fylkesmannen skriv at han kan trekkja motsegna mot firefelts bru, dersom to av felta vert reservert for bybane.

[15.05.12 12:05]

På tabelltopp

Mandag vant Skjergard sin fjerde strake fotballkamp i 5. divisjon avdeling 1. Daniel Sørenes scoret begge målene i 2-1-seieren over Inter Bergen.
Nå leder laget fra Øygarden 5. divisjon avdeling 1.

[15.05.12 08:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Ønskjer å flytta og utvida open barnehage

Ønskjer å flytta og utvida open barnehage

Organisasjonen som driv open barnehage i Røde Kors-huset på Straume, ønskjer å flytta barnehagen nærare sentrum og utvida tilbodet med blant anna kveldsopen barnehage.

Publisert 06.01.12 15:01
Endret 06.01.12 15:01

STRAUME: Den kristne organisasjonen Fjell KFUK-KFUM (Fjell KM) driv i dag tre avdelingar med open barnehage i kommunen. Den eine ligg på Fjell gard, den andre på Landro og den tredje altså på Straume.

– Vi har lenge hatt lyst til å flytta nærare senteret, opplyser styrar Christin Hitsøy Larsson.

Treng større plass
Open barnehage er eit gratis tilbod for foreldre og barn. Sidan foreldra er med barna, er det berre to tilsette i avdelingane. I barnehagane til Fjell KM er det alltid ein førskulelærar på jobb.

– Og alle dei tilsette har relevant utdanning frå høgskule, seier Larsson.

Lokala i Røde Kors-huset er for små for barnehagen, og personalet må kvar dag rydda til side alt av leiker og utstyr. Ved start og slutt av kvar veke må også bord og stolar flyttast fram eller tilbake, sidan lokala også er i bruk av andre leigetakarar. No søkjer barnehagen Fjell kommune om å få godkjent flytting til Temahuset på Straume, som har ledige lokale.

– Men ingenting her er avklart, verken med kommunen eller med huseigarane, understrekar Larsson.

Norsk for store og små
Talet på besøkjande varierer frå dag i til dag i dei opne barnehagane, som alle har ope tre dagar i veka, men barnehagen søkjer om godkjenning for ei gruppe på 45 barn i Temahuset.

– Vi trur endå fleire enn i dag vil bruka barnehagen dersom han ligg meir sentralt. Då vil fleire koma innom ein tur, og det blir lettare å finna oss for folk som kjem med bussen. Også for framandspåklege blir det enklare, trur Larsson.

I fjor fekk Fjell KM midlar både frå Fjell kommune og Fylkesmannen i Hordaland til eit prosjekt retta mot minoritetsspråklege barn.

– I ein open barnehage er det dessutan ikkje berre barna som lærer norsk, det gjer også foreldra, påpeikar Larsson. Barnehagen har hatt ein auke i brukarar frå minoritetsfamiliar.

Kveldsope og barnepass
Dersom dei får flytta, ser Larsson for seg at tilbodet kan utvidast og utviklast på fleire måtar. Ein av ideane er å etablera kveldsopen barnehage.

– Vi trur det er trong for ein treffstad også på ettermiddag og kveld. Dette vil vera eit tilbod på lik linje med det vi har på dagtid, seier Larsson.

Også ordninga med barnepass kan utvidast ved ei flytting.

– Vi oppmodar folk om å snakka med kvarandre og hjelpa kvarandre med barnepass. Slik kan for eksempel åleineforeldre få gjennomført naudsynte ærend, seier Larsson. Barnehagen kan ikkje sjølv ta ansvar for barnepass, men dei kan leggja til rette for organisering og samarbeid mellom brukarane av barnehagen.

Alle sosiale lag
Larsson meiner den typiske brukaren av open barnehage ikkje finst.

– Vi har mødre, fedre og folk frå alle sosiale lag, seier ho.

Sjølv om desse barnehagane blir drivne av ein kristen organisasjon, er alle velkomne.

– Pregar religionen tilbodet på nokon måte?

– Det kan henda det dukkar opp ein kristen sang i samlingsstundene. Men vi har ingen andakt, bønnestund eller noko form for forkynning, understrekar styraren.

Lokala i Temahuset barnehagen ønskjer å leiga, ligg i andre og tredje etasje i sørenden av bygget, mot Sartorparken. Her ser dei for seg 300 kvadratmeter fordelt på fellesrom, kantine, kontor, toalett og mange adskilte rom.

– Vi trur ei flytting vil styrka tilbodet, konkluderer Christin Hitsøy Larsson.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477