Trafikkuhell ved Sartor

Tre personar er ifølgje politiet involvert i ei trafikkulukke på riksveg 555 ved Sartor storsenter. Politiet fekk melding klokka 16.07 tysdag. Ein bil skal ha kjørt inn i ein annan bakfrå. Det utvikla seg raskt kø.

[21.05.13 16:05]

Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Nytt år på ny, flott skule

Nytt år på ny, flott skule

For elevane ved Danielsen var det ein heilt ny skulekvardag som venta til skulestart denne veka.

Publisert 18.08.12 09:08
Endret 18.08.12 09:08

Sju nye klasserom stod klare til dei sju klassane ved Danielsen barneskule då dei starta skulen torsdag. Fredag var det offisiell opning, med elevar, lærarar, foreldre og besteforeldre til stades.

– Det er utruleg kjekt å kunna ønskja velkommen til nye, flotte lokale ved skulestart. I tillegg til klasseromma har me nytt inngangsparti, garderobe, vrimleareal og SFO-rom, fortel inspektør Ingvill Blom.

Meir plass, betre lokale

Mykje av fjoråret var Danielsen kombinert skule og byggeplass, men tida med påbygging frå vinter og fram til sommar har vore verd resultatet.

– No får me nok rom og god plass til elevane. Det er eit kjempeflott anlegg som utviklar seg vidare her fram mot jul. Eg er veldig godt nøgd med at me er komne så langt, seier Ingvill Blom.

Det er nemleg første byggetrinn i utbygginga av Danielsen Sotra som no står klart i Straume Idrettspark. Rektor Frode Monsen, staben og elevane har no 900 nye kvadratmeter å boltra seg på.

– I fjor hadde me 500 kvadratmeter til om lag like stor elevmasse, så me får heilt klart betre plass i år, seier rektor Frode Monsen.

Med dei 14 nye elevane i førsteklasse har barneskulen no 97 elevar. Ved Danielsen ungdomsskule Sotra går der 230 elevar.

God byggeprosess

Dei to siste byggetrinna omfattar først ombygging av dei lokala barneskulen no har flytta ut av. Så kjem bygginga av gymsal og forsamlingssal for Danielsen Sotra. Rektor er trygg på at resten av prosessen skal gå greitt, no som barneskulen er inne i nye lokale. No er elevane meir skjerma enn dei var i vinter og vår, innanfor dei nye veggene.

– Når byggeprosess og drift av skule har gått bra saman så langt, er eg trygg på at dette skal gå fint, seier Frode Monsen.

Han varslar stor opningsfest når heile anlegget står ferdig, litt ut på nyåret.

– Då vil rådmann, skulesjef og andre prominensar bli invitert, seier rektoren.

Han gjev ein stor del av æra for oppfølginga av byggeprosess og klargjering til inspektør Ingvill Blom og staben elles. Saman med seks andre i byggekomiteen har ho samarbeidd med arkitekt Rolf Eide og med entreprenøren.

– Byggekomiteen har tenkt mykje, og me har bedd for den nye skulen. Dette er ingen tilfeldig skule, men eit bygg til Guds ære. Det viktigaste er likevel at dette er dykkar skule og den er til for å byggja menneske, sa rektor Frode Monsen i sin tale til elevane.

Hektisk innspurt

Inspektør Ingvill Blom har altså vore høgt og lågt den siste tida og jobba til langt på kveld onsdag, for å få alt klart til skulestart torsdag og offisiell opning i går.

– Det har vore ei travel veke for å få alt på plass, men me har vore fleire om dette. God innsats frå alle gjorde at me kom i hamn, seier Ingvill Blom.

Utbygginga har vore ein lang prosess politisk og administrativt. Sjølve byggeprosessen starta i desember i fjor. Då var byggeplassen eit stort krater. Frå 15. mars til 15. juli var snikkarar og andre handverkarar i sving.

– Handverkarane har no flytta over til den gamle delen, for å bygga den om. No er det viktig at elevane tek vare på den nye skulen, slik at den er like fin om eit år, seier inspektør Ingvill Blom.

 

Tips en venn




Treng meir plass på ungdomsskulen

Treng meir plass på ungdomsskulen

Om nokre år blir ungdomsskulen på Stranda for liten.

    Privatskule med god plass

    Privatskule med god plass

    Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.

      17. mai-feiring i gråvær og varme

      17. mai-feiring i gråvær og varme

      Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

        Populær p-plass treng utviding

        Populær p-plass treng utviding

        Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

          Generalprøve for Brudansen

          Generalprøve for Brudansen

          Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

            Sender ballen videre til Fylkesmannen

            Sender ballen videre til Fylkesmannen

            Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10