Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Oppbevarte narkotika

Politiet fikk natt til fredag melding om støy og bråk fra en leilighet et sted i Fjell. Politipatruljen kjørte til stedet, og tok seg inn i leiligheten. – I leiligheten ble det funnet en mindre mengde med narkotika.

[10.05.13 15:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Nye vedtekter skal avgrensa «tigging»

Nye vedtekter skal avgrensa «tigging»

Politiet ber om endringar i politivedtektene, slik at dei som vil samla inn pengar i Fjell først må registrera seg hjå politiet.

Publisert 08.09.12 10:09
Endret 08.09.12 10:09

FJELL: – Me opplever at folk oftare ringjer og klagar, særleg på utlendingar som går frå dør til dør og ber om pengar til seg sjølve. Dette vert opplevd som tigging som i nokre høve er skremmande, men politiet har i dag ingen heimel for å sjekka opp med mindre innsamlarane er direkte trugande, seier lensmann Odd Dale.

Registreringsplikt
Han har difor bedt Fjell kommune om å endra eit punkt i dei kommunale politivedtektene, slik at alle som ønskjer å samla inn pengar får krav om å registrera seg hjå politiet først. Slik det er i dag er det lovleg for kven som helst å gå rundt og samla inn pengar, enten føremålet er å samla inn til ein organisasjon eller ein ber om «ein tiar til ein kopp kaffi». Viss endringa går gjennom vil det framleis vera lov å samla inn pengar til meir eller mindre gode føremål, men ein må først registrera seg.

– Politiet vil framleis ikkje kunna nekta nokon å samla inn pengar til seg sjølv, men me får ei oversikt over dei som har registrert seg. Får me då klager på nokon som ikkje har registrert seg har me heimel til å visa dei bort, seier Odd Dale.

Ikkje eit «tiggeforbod»
Lensmannen understrekar at politiet allereie i dag kan rykka ut viss nokon driv trugande tigging. Men opplevinga av kva som er trugande vil vera individuell og det er oftast vanskeleg å prova noko straffbart ved slike høve.

– Viss denne endringa i vedtektene går gjennom så er ikkje det noko forbod mot tigging. Den debatten må ein ta på eit høgare, politisk nivå. Krav om registrering vil likevel gje oss betre oversikt, seier Dale.

Politikarane i komite for finans og forvaltning i Fjell gjekk i forrige veke samrøystes inn for å senda endringa i vedtektene på høyring. I tre veker kan offentlege instansar, private og organisasjonar uttala seg om registreringsplikta. I brevet til kommunen påpeikar lensmann Odd Dale at det er viktig med like vedtekter på dette feltet i heile lensmannsdistriktet, Sotra, Øygarden og Askøy. Øygarden kommune har i sitt framlegg til nye politivedtekter teke med ei slik registreringsplikt.

– Fleire kommunar har allereie innført registrering for innsamling av pengar. Viss publikum så tek kontakt kan politiet enten beroliga med at innsamlinga er registrert, eller så har me heimel for å rykka ut og visa bort personar som driv med uregistrert innsamling, seier lensmann Odd Dale.

Høgare terskel
Administrasjonen i Fjell understrekar at ei registrering hjå politiet ikkje vil vera det same som ei godkjenning av føremålet med innsamlinga. Erfaring frå ulike område viser likevel at ei registreringsordning hjå politiet har ein preventiv verknad, slik at terskelen vert høgare for useriøse aktørar. I tillegg til å få høyra om innsamlarane har registrert seg, kan publikum få politiet si vurdering av i kva grad innsamlinga er seriøs.

– Mitt initiativ går på å få like reglar for dette i lensmannsdistriktet. Ein vil ikkje kunna hindra det som kan definerast som tigging, men registreringplikt er likevel ein reidskap for betre kontroll, meiner lensmann Odd Dale. 

Tips en venn




17. mai-feiring i gråvær og varme

17. mai-feiring i gråvær og varme

Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

    Populær p-plass treng utviding

    Populær p-plass treng utviding

    Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

      Generalprøve for Brudansen

      Generalprøve for Brudansen

      Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          Mens pensjonistekteparet Solfrid og Ragnar Audun Sangolt ferierer i Tyrkia har innbruddstyver herjet i boligen på Sangolt.

            Driftsmodell på hengjande håret

            Driftsmodell på hengjande håret

            Opplegget for korleis drifta av Sotra Arena skal vera frå hausten av gjekk gjennom i komite for finans med knappast mogeleg margin.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10