Nye treningsaktørar på Straume
I mars opnar Nr1Fitness sitt første treningssenter på Straume. Dermed får både Sprek og Blid og Aktiv365 konkurranse på Sotra
Endret 15.01.12 14:01
I fjor haust blei det kjent at Aktiv365 opnar treningssenter på Straume. Dei opnar om få veker i splitter nye lokale like bak Fjell rådhus. No får veletablerte Eirik Lillebø i Sprek og Blid også konkurranse frå ein tredje aktør.
– Vi etablerer oss i det nye bygget til Opitz på Straume, opplyser administrerande direktør Trygve Amundsen i Nr1Fitness.
Vil ha fleire til å trena
Nr1Fitness har som mål å opna før påske, altså i løpet av mars månad. Senteret ligg så å seia eit steinkast unna Sprek og Blid.
– Vi fryktar ikkje konkurransen. Dersom aktørane i treningsbransjen er profesjonelle, samarbeider dei i staden for å gå i strupen på kvarandre, meiner Amundsen. Han opplyser at rundt 15 prosent av innbyggjarane på landsbasis trenar på eit senter.
– Men 95 prosent opplyser at dei er opptekne av helse. Og her er trening ein viktig del, så vi trur bransjen kan samarbeida om å få fleire til å trena. Akkurat som hotell og reiselivsnæring samarbeider for å få fleire turistar til ein region, illustrerer han. Amundsen trur dessutan at litt konkurranse er bra for kundane.
Droppar bindingstid
Nr1Fitness etablerte seg med sitt første senter i Fyllingsdalen i 2008. Sidan har dei opna treningssenter på Osterøy, Landås, Åsane og i Bergen sentrum.
Treningssenteret på Straume blir delt i to.
– Først opnar vi det vi kallar Fitness Xpress. Det er eit senter for dei som trenar på eiga hand, og som då slepp å betala for gruppetimar i aerobic og spinning som dei ikkje brukar, seier Amundsen. Her er månadsprisen låg samanlikna med andre, og det er inga bindingstid.
– Her er vi garantert billigast. Mange set også pris på at dei slepp bindingstid, seier Amundsen.
På dette senteret blir det styrkeavdeling og avdeling for kondisjonstrening, men altså ingen fellestimar.
– Dette senteret blir ope frå seks om morgonen til midnatt. Kundane blir utstyrt med nøkkelkort, så dei kan koma og gå som dei vil, seier Amundsen.
Livsstilssenter
For raskast mogleg å møta konkurransen med Aktiv365 og Sprek og Blid, er det ekspress-senteret til Nr1Fitness som blir opna først.
– Seinast eit par månader etterpå opnar vi den andre avdelinga, opplyser Amundsen.
Det er eit treningssenter som vender seg spesielt mot dei som er heilt utrente og som av ulike grunnar ikkje kan tenkja seg å trena på dagens treningssenter.
– Med det sterke kroppsfokuset vi har i samfunnet i dag, er det mange som ikkje vågar seg inn på eit treningssenter. Difor startar vi eit livsstilssenter, som rettar seg mot desse, forklarar Amundsen.
Ingen speil
På «Easy Life»-senteret blir det ingen speil i treningssalane.
– Ikkje alle likar å bli påminna om korleis dei ser ut, det veit dei frå før. I dette senteret blir det ein rolig atmosfære med store sittegrupper. Kaffikoppen og det sosiale er like viktig som treninga, seier Amundsen.
Treninga føregår i grupper, og øktene er korte. På timeplanen står det også kurs, og målet er at kundane skal få stor grad av personleg oppfølging.
– Timane blir enkle, alle skal kunna klara det, understrekar Amundsen.
Begge avdelingane opnar i same bygget, men dei får ulik inngang.
– Vi opna for første gong eit todelt senter i Sandviken for eit år sidan, og vi har god erfaring med det, seier Trygve Amundsen.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



