Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sponheim snur på brua

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt ut det han kallar ei presisering til høyringsfråsegna om Sotrasambandet. Fylkesmannen skriv at han kan trekkja motsegna mot firefelts bru, dersom to av felta vert reservert for bybane.

[15.05.12 12:05]

På tabelltopp

Mandag vant Skjergard sin fjerde strake fotballkamp i 5. divisjon avdeling 1. Daniel Sørenes scoret begge målene i 2-1-seieren over Inter Bergen.
Nå leder laget fra Øygarden 5. divisjon avdeling 1.

[15.05.12 08:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Ny ferje på plass i februar

Ny ferje på plass i februar

Ferja som skal gå fast på sambandet mellom Klokkarvik og Hjellestad har kapasitet til minst 16 bilar.

Publisert 05.01.12 09:01
Endret 05.01.12 09:01

KLOKKARVIK: I juni i fjor kjøpte Bergen-Nordhordland Rutelag (BNR) ferja som skal gå mellom Klokkarvik og Hjellestad via øyane Lerøy og Bjelkarøy i Sund. M/F «Sundferja», tidlegare «Kvaløy», blei bygd ved Skjervøy Skipsverft i 1977.

– Ferja er oppjustert i tråd med krava som Skyss har sett, seier styreleiar Helge Skaar (bildet) i BNR.

Auka kapasitet
Frå søndag 1. januar fram til «Sundferja» er på plass, er det reserveferja «Fjordbas» (biletet) som fraktar folk frå øyane til og frå fastlandet. Den tar 17 bilar og 90 passasjerar, medan «Sundferja» har kapasitet til minst 16 bilar og 82 passasjerar. Her er ikkje endeleg sertifikat på plass etter ombygginga av fartøyet. Til samanlikning tok «Fjordgar» 9 bilar og 62 passasjerar. Tide og «Fjordgar» hadde sin siste tur på sambandet 31. desember.

– Vi har fått positive tilbakemeldingar på at kapasiteten aukar, seier Skaar.

Han er glad for at selskapet kan tilby auka kapasitet, spesielt med tanke på køproblematikken til og frå Sotra.

– Det er mange som pendlar til Bergen, og ferja kan vera attraktiv for mange. Vi har stor tru på dette sambandet, seier Skaar.

Oppgraderer ferjekaiane
«Sundferja» har lege hos Båtbygg AS for ombygging fram til midten av desember. Fartøyet har blant anna fått nytt styresystem, handikapptoalett og nye motorar.

Ferjekaien på Lerøy er under oppgradering i desse dagar. Sjølv om det er Sund kommune som eig kaien, bidrar BNR til opprustinga. Det gjer dei fordi dei ved å byggja om på ferjekaiane sparar utgifter til ombygging av ferja som skal gå der. BNR justerer også ferjekaiane på Bjelkarøy og Hjellestad for eiga rekning delvis for å unngå ytterlegare ombygging av «Sundferja», men også for å kunna oppretthalda kapasiteten på ferja.

– Det er sett opp ein passasjerbåt som fraktar folk til og frå Lerøy medan kaien der er stengt, opplyser Skaar. Arbeidet med ferjekaien på Lerøy skal vera ferdig i midten av januar.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477