- Mykje å henta på barnevernssamarbeid
Felles kontor for oppfølgjing av barn i fosterheim er mellom tiltaka som er på gang i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy.
Endret 06.09.12 08:09
REGION VEST: Prosjektet «Betre saman for barna» er under arbeid innanfor regionsamarbeidet. Som del av prosjektet er det fleire tiltak på gang, særleg innan barnevernet. Måndag oppdaterte prosjektleiar Torgeir Sæter styret i regionrådet på status for «Betre saman for barna», som ifølgje Sæter har gått litt i rykk og napp. No er arbeidet på gang og prosjektleiaren trakk fram felles oppfølgjing av barn plassert i fosterheim som noko av det første ein vil ta tak i.
– Forsømt område
– Dette med oppfølgjing av fosterforeldre og barn i fosterheim er eit forsømt område. Barnevernskontora i kommunane opplever at dei ikkje strekkjer til, seier Sæter.
Eit felles kontor retta mot dette er difor noko som kan hjelpa barneverna i øykommunane med å følgja ungar og foreldre betre opp. Kvart tiltak innanfor prosjekt «Betre saman for barna» har ei eiga arbeidsgruppe. I gruppa som jobbar med oppfølgjing av barn i fosterheim, er det barnevernsleiar Bård Tyldum som representerer Fjell kommune. Han meiner det er mykje å henta på eit felles, regionalt kontor.
– Det offentlege har teke ansvar for desse barna ved å plassera dei i fosterheim. Då skulle det berre mangla om ikkje me også tok ansvar for å følgja opp fosterheimane, seier Tyldum.
Vanskeleg prioritering
Det kan likevel vera enklare sagt enn gjort i ein travel kvardag, der barnevernet i kvar kommune brått kan få hendene fulle med akutte situasjonar og vurderingar dei må rykka ut på. Eit felles kontor retta inn mot barn i fosterheim er mindre sårbare for andre kriser og kan spissa kompetansen inn mot denne gruppa.
– Etter 15 år i barnevernet vert eg framleis overraska over kor stor skade omsorgssvikt kan føra til. Eit fleirtal av barna i fosterheim treng mykje oppfølgjing, seier Bård Tyldum.
Eit regionalt kontor vil styrka barneverntenesta på dette feltet. Med eigne folk som kan prioritera arbeidet med seinskader hjå barna og oppfølgjing av fosterforeldre. Då vil ein også få betre kompetanse på forventningar fosterforeldre har og kva krav ein kan stilla til dei som tek på seg eit slikt ansvar.
Nye måtar å jobba på
Prosjektet «Betre saman for barna» går gjennom alle sider ved tenesta, med eigne arbeidsgrupper som ser på karrierebygging, arbeidsvilkår og kompetanseutvikling innanfor barnevernet. Spørsmålet om korleis ein brukar ressursane, spelar sterkt inn for eitt av dei andre tiltaka ein vurderer. Ein eigen barnevernsvakt for Region Vest, bemanna på kveld og helg, vil krevja nye arbeidstidsordningar. Ordførarane i regionen har bedt om at ein får på plass eigen barnevernsvakt sju dagar i veka.
– I dag leiger me denne tenesta hjå Bergen i helger og på raude dagar. Men akutte kriser i ein heim kan jo like gjerne skje ein tysdag kveld som ein laurdag kveld, påpeikar Tyldum.
Det akutte behovet for barnevern er faktisk minst når bemanninga er best, nemleg i kontortida. Vern av barn er ikkje «åtte til fire»-arbeid, men dei som jobbar i tenesta, gjer ikkje lenger ekstra arbeid på dugnad.
– Det er det i alle fall ingen som kan forventa i 2012. Viss me legg om måten å jobba på, er det ikkje for at me som arbeider i barnevernet, skal få det meir behageleg eller betre betalt, men for at barna skal få betre tilgang på vern, seier Bård Tyldum.
Tettare samarbeid
Noko av det barnevernsleiaren tykkjer er mest lovande med regionalt samarbeid, er moglegheiten for eit større miljø som kan samarbeida tettare med andre aktørar som skule og politi. Nye vaktordningar vil setja barnevernet i stand til i større grad å bli med politiet ut på akutte krisesituasjonar. Samstundes vil eit barnevern som er endå meir «på» gjera regionen meir attraktiv for kompetente barnvernstilsette.
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Generalprøve for Brudansen
Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.
Siste kortnytt
- Trafikkuhell ved Sartor [21.05.13 16:05]
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- CCB styrker posisjonen sin i Øygarden [22.04.13 08:04]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Rektor er habil i skulesaka [21.04.13 11:04]
- Giske smakte på ung skaperkraft [23.04.13 08:04]
- Sondre var rett regent på festninga [24.04.13 15:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]


