Misnøgd med pasienttransporten
Kommunelege Svein Halvorsen i Sund er lei av at pasientane hans ikkje får drosje som bestilt.
Endret 03.09.10 16:09
SUND: – Tennene står i bordkanten av raseri, illustrerer kommunelege I, Svein Halvorsen i Sund kommune. Han opplever stadig at pasientar som har time, ikkje møter opp. Forklaringa er at drosjen dei bestilte, ikkje dukka opp.
Venta i tre timar
– I dag hadde eg ein pasient som ikkje kom seg heim etter legetimen. Etter å ha venta i tre timar, var det ein annan pasient som til slutt tok henne med seg og kjørte henne heim, fortel Halvorsen.
I vinter hadde han ein eldre pasient med føreståande kritiske hjarteoperasjonar, som blei ståande på kaien på Klokkarvik i femten minusgrader fordi drosjen frå Bergen Taxi ikkje dukka opp.
– Heldigvis hadde mannen mobiltelefon, slik at han fekk ringt oss og vi fekk henta han, sukkar Halvorsen.
Han fortel at både han sjølv og andre i personalet til tider kjører pasientane heim etter time.
– Endå verre er det at dei ikkje kjem seg til lege. Nyleg var det ein pasient i 80-årsalderen med kronisk lungesjukdom og som nyleg hadde hatt hjarteinfarkt, som treng tett oppfølging, som ikkje kom seg til avtalt time, fortel Halvorsen.
Verst på ettermiddagar
Det er ikkje første gang kommunelegen i Sund klagar over pasientreiseordninga. Også ordførar, fysioterapeut og tilsette på Sundheimen gav hausten 2008 uttrykk for stor misnøye.
– Ja, dette har vore eit stort problem lenge. Mitt inntrykk er at Bergen Taxi nedprioriterer pasientreiser i distrikta, kanskje fordi sjåførane taper pengar på å reisa langt ut frå sentrum? spekulerer Halvorsen.
Han trur også at fleire eldre lar vera å senda inn klage.
– Eg har fått beskjed om at klager kun kan sendast på e-post. Og viss ingen klagar, blir ingenting endra, seier Halvorsen.
Han meiner uansett at systemet er for dårleg når eldre og sjuke blir skadelidande.
– Det er ille når pasientane til slutt har meir bruk for ein sjukebil enn ein drosje, ein kan bli sjuk av mindre, seier Halvorsen. Han kan ikkje talfesta kor ofte problemet oppstår.
– Men det er verst på ettermiddagar, seier kommunelegen.
Ønskjer omorganisering
Han meiner også at drosjesjåførane har meir å gå på når det gjeld behandling av eldre og sjuke.
– Eg har pasientar som ikkje vågar å bestilla drosje fordi dei har opplevd å bli skjelt ut av sjåføren. Det er jo også god økonomi, når pasientane ikkje vågar å ringa, seier Halvorsen ironisk. Han lengtar tilbake til tida då lege eller pasient kunne ringa direkte til ein lokal drosjesjåfør.
– Då kom i alle fall bilen. Det var ei mykje betre ordning, seier legen. Han meiner dagens ordning må omorganiserast, slik at omsynet til pasienten blir prioritert høgare enn økonomi.
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



